Det snør, det snør, tiddelibom

AKEBAKKEN: Rikke Sætre Bjelland (t.v), Angelica Fjelland (t.h) og  Alva Nyrud Uppheim (bak) kosar seg i akebakken i storefri.

AKEBAKKEN: Rikke Sætre Bjelland (t.v), Angelica Fjelland (t.h) og Alva Nyrud Uppheim (bak) kosar seg i akebakken i storefri.

– Endeleg kom snøen, bryt ungane ved Bringedalsbygda skule i Herøysund ut.

DEL
  • Send oss gjerne dine eigne, kjekke snøbilde til redaksjon@kvinnheringen.no!

Det er storefri, og elevane ved Bringedalsbygda skule nærast pressar seg ut dørene for å forsetja der dei slapp ved førre friminutt. Det går i snøballar, akebrett, snømenn og snøenglar.

– Det er rett og slett LYKKE, smiler Evyann i 4. klasse medan snøen fell ned på ansiktet hennar.

– Vi måtte faktisk ta litt av norsktimen tidlegare i dag for å gå ut i snøen, fortel klasseforstandar for 3. og 4. trinn ved barneskulen, Silje Olsen Steinsvik.

Det er latter og smil overalt, og hyppige snøballkrigar går føre seg omkring i skulegarden.

– No håpar eg at det varer lenge, så eg kan laga mange store snøballar, seier fjerdeklassingen Nora.


Artikkeltags