Denne helga kan du stå på ski i Kvinnherad

Tveitedalen såg slik ut fredag kveld. (Foto: Julie H. Askeland).

Tveitedalen såg slik ut fredag kveld. (Foto: Julie H. Askeland).

Er du glad i å stå på ski bør du nytta helga i Tveitedalen eller i Fjellhaugen. Begge stader er det meldt om fine forhold for ein skitur.

DEL

På Vestlandet veit vi aldri kor lenge snøen ligg før den regnar vekk igjen, så derfor er det all grunn til å preppa skia viss du ikkje allereie har gjort det.

Fredag ettermiddag meldte Fjellhaugen skisenter via Facebook at det snødde tett og at lysløypa er preparert. Vegen skal også vera strødd frå Matre-krysset og opp til skisenteret, slik at køyreforholda er gode. Torsdag skreiv skisenteret at det førebels er for lite snø til å preppa alpinbakken, men vil ein ha heilt oppdatert informasjon kan ein sjekka Facebook-sida til skisenteret.

Uskedalen idrettslag arrangerer årets første karusellrenn i Fjellhaugen på søndag. Om du ikkje har meldt deg på kan du gjera det på arenaen på søndag.

Slik såg det ut i Fjellhaugen fredag ettermiddag. (Bilde frå skisenteret si Facebook-side).

Slik såg det ut i Fjellhaugen fredag ettermiddag. (Bilde frå skisenteret si Facebook-side).

Når det gjeld forholda i Tveitedalen er det no kome ein solid såle etter det første snøfallet. Snøen som kom fredag er no pakka, så på kvelden var det fine skøyteforhold.

– Vi håpar på litt meir snø slik at vi òg kan setja spor. Slik det er no er det akkurat i grenseland, men det er jo meldt meir snø dei neste dagane, fortel Julie H. Askeland i Idrettslaget Ternen.

Ho kan òg melda om at kiosken/Ternebu vert opna i helga på føremiddag. Den vil òg vera open på kvardagar frå måndag til torsdag ettermiddag.
– Vi prøver etter beste evne å oppdatera både Facebook-sida til Idrettslaget Ternen og heimesida vår med løypeforholda i dalen.


Idrettslaget Ternen er òg på jakt etter skisko med nnn-binding og stavar.

– Vi har fått sponsa 10 par ski frå Sport1, og får vi tak i bindingar og stavar har vi utstyr for utlån til dei som ikkje har ski, eller som ønskjer å prøva før dei eventuelt kjøper sjølv. Så om nokon har liggande noko må dei berre ta kontakt slik at vi kan få dette på plass! helsar Askeland.


Artikkeltags