Båt innstilt inntil vidare

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Snøggbåten som går i rute 2 i Sunnhordland er innstilt inntil vidare grunna tekniske problem.

Det var i går kveld på siste turen mellom Bergen og Sunnhordland båten fekk problem. Då båten la til kai ved Ranavik ved 22.10-tida fekk ein problem med manøvreringa om bord. Etter om lag ein halv time på Ranavik kom båten seg til Sunde. Den skulle eigentleg vidare til Skånevik og Borgundøy, men båten måtte gjera vendereis til Leirvik. Skyss melder no at rute 2 i Sunnhordlandsbassenget er innstilt på ubestemt tid. Rute 1 går som normalt.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags