Tau i propellen

Her ser vi slepebåten som passa på snøggbåten der bildet er tatt frå. (Mobilfoto: Elisabeth Berg Hass).

Her ser vi slepebåten som passa på snøggbåten der bildet er tatt frå. (Mobilfoto: Elisabeth Berg Hass).

Rødnebåten som gjekk frå Os klokka 16.45, fekk like etter tau i propellen. 17.30 kom ein dykkar til staden.

DEL

Vêret er heldigvis stilt og fint. Klokka 17.30 ligg snøggbåten framleis utanfor Os. Dykkar er nett komen ombord. Snøggbåten blir halden på plass av ein slepebåt.

I 17.50-tida fekk passasjerane opplyst at eine propellen er skadd, så turen til Rosendal vil gå sakte og berre for éin motor. Båten skulle vore i Rosendal 17.40 – no blir det ikkje anløp før ein gong mellom 20 og 20.30.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags