Fv500 ved Krokatræ, mellom Gjerde og Fureberg er stengt på grunn av snøras.
Det melder Vegtrafikksentralen Vest på Twitter fredag klokka 18.14.
«Naudetatar og entreprenør er på veg», står det.
Vest politidistrikt skriv at raset er jord/snø/sørpeskred som går over Fv. 500 Sunndalsvegen ved Kroka. Det blir skildra som ca. 150 meter breitt og ca. 2– 3 meter høgt.
«Opplyst at ingen er tekne av raset, ikkje bilar eller busetnad. Politiet er på staden med ein patrulje», skriv Vest politidistrikt på Twitter.
I ei oppdatering skriv Vest politidistrikt at det pågår anleggsarbeid på staden.
«Det er folk på staden, men ingen som er sakna. Ei gravemaskin og ein varebil er treft av raset, men det var ikkje personar i desse. Vegen er heilt stengt».
Har du bilde? Tips oss på [email protected]