– Vi ønskjer å rekruttera unge og vaksne som ønskjer å vera ei støtte for barn og unge. Og då gjerne folk som har lyst til å bitta seg til dette over litt tid.

Det seier Vigdis Gammelsæther, avdelingsleiar for Tiltak og ressurs ved Eining for barn og familie i kommunen.

Saman med koordinator for tiltaksteamet, Herman Helvik, ønskjer ho å formidla at det er eit betydeleg behov for nye besøksheimar og avlastingsheimar. I tillegg ønskjer tenesta å rekruttera fleire støttekontaktar, samt tilsynsførarar til fosterheimar.

– Tenesta vår yter vedtaksbestemte tiltak som er forankra i barnevernslova, og i helse- og omsorgslova, så her er det behov for tenester både til dei som fell under barnevernet, og til familiar med barn som har omfattande hjelpebehov.

Dei seier at dei har mange gode ressurspersonar knytt til seg allereie i dag, som gjer ein avgjerande og viktig jobb, men at det stadig er behov for fleire.

– I tillegg har talet på tiltak auka noko i 2020, så derfor treng vi fleire ressurspersonar, forklarer Gammelsæther.

God opplæring

– Kva aldersspenn ser de etter?

– Vi har ulike oppdrag for barn og unge frå 0-18 år. Vi er interessert i alt frå ein ungdom som kunne tenkt seg å vera støttekontakt for eit yngre barn, til familiar som kan vera besøks- eller avlastningsheimar. Og kanskje er det nokre litt eldre som kunne tenka seg å vera «reservebesteforeldre» for nokon som ikkje har eit så stort nettverk? Her er det mange ulike behov, og vi gjer individuelle vurderingar med å kopla dei som kan passa i lag, peikar dei to på.

Når det gjeld tilsynsførar i fosterheimar, er dette eit oppdrag der du skal inn i ein fosterheim og føra tilsyn fire gonger i året, som ein uavhengig part og tillitsperson for barnet.

– Oppdraget krev ikkje særskilde forkunnskapar, og du vil få god opplæring, seier Helvik.

Han og Gammelsæther ønskjer også gjerne at folk som tidlegare har vore oppdragstakarar, men som kanskje ikkje har vore det på ei stund, vil vurdera å bli med igjen.

– Som oppdragstakar inngår du ein kontrakt med Tiltak og ressurs. Det er betalte oppdrag, og du må levera politiattest. Dei som er interesserte, kan ringa eller senda meg ein e-post, sluttar Helvik.