Denne helga har verkeleg vore fantastisk vêrmessig. Mange plassar har temperaturen lege på opp mot 15 grader i skuggen, og noko og tjue i solveggen!

Har du kost deg utandørs, med grilling, is, hagearbeid, tur på sjøen eller i fjellet – ja kanskje til og med bading? Då håpar vi du vil senda oss bilde som vi kan samla i ein bildeserie!

Send på e-post til redaksjon@kvinnheringen.no, og merk med namn på fotografen og kven/kva vi ser på bildet. Du kan òg bruka emneknaggen #kvinnheringen på Instagram.