Hopp i havet for ei sommarhelg: Send oss dine badebilde!

Tanja Modøl Juel har sendt oss dette stilige bildet av Emmeli Modøl Juel som turnar på den flotte stranda dei har laga på Løkjelsøya ved Halsnøy. Kvinnheringen vil gjerne ha fleire slike badebilde!

Tanja Modøl Juel har sendt oss dette stilige bildet av Emmeli Modøl Juel som turnar på den flotte stranda dei har laga på Løkjelsøya ved Halsnøy. Kvinnheringen vil gjerne ha fleire slike badebilde!

DEL

Denne helga blir truleg ei av dei beste vi får i Kvinnherad denne sommaren, for det er meldt 30 grader dei fleste stadene. Då er det berre éin ting å gjera – kom deg ut og nyt sola, og ta deg ein dukkert for å kjøla deg ned!

Kvinnheringen vil gjerne ha bilde av folk og dyr som badar denne helga, over heile kommunen. Send dei til oss på e-post, så samlar vi dei i ein bildeserie. Hugs namn på kven som er på bildet, kor bildet er tatt, og kven som er fotografen.


Artikkeltags