Ho starta dagen med å skrapa av bilruta. Framme i Kvinnherad kunne Sølvi Nicolaisen og hunden Aiko nyta ein skikkeleg sommardag.

Sølvi Nicolaisen frå Geilo og hunden Aiko var av dei som testa temperaturen i vatnet i Herøysundet i dag.

Sølvi Nicolaisen frå Geilo og hunden Aiko var av dei som testa temperaturen i vatnet i Herøysundet i dag.

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Endeleg heldt vêrmeldingane kva dei lova, og sola dukka opp på ein skyfri himmel i dag, onsdag. Mange kvinnheringar og ferierande var raske med å finna vegen til dei mange badeplassane i kommunen. Ikkje alle våga seg uti vatnet, sidan det trass alt ikkje har fått mykje tid til å varma seg opp i år, men halvt kvinnhering Sølvi Nicolaisen (22) syntest ikkje temperaturen i vatnet i Herøysundet var heilt avskrekkande.

- Det var nesten litt varmt, smilte ho.

Nicolaisen er frå Geilo, men mor hennar er frå Uskedalen, så ho er fast feriegjest i kommunen. Ho starta onsdagen med å reisa hit frå Geilo.

- Eg måtte skrapa av ruta i dag tidleg då eg skulle køyra hit. Difor var det ekstra herleg å koma hit til sommarvarme og sol, meinte ho.

Søstera hennar sin hund, Jack Røssel-terrieren Aiko (8), var med på ein liten tur i vatnet.

- Han er litt skeptisk, men eg trur nok han nyt vêret, han òg, lo Nicolaisen.

Også søskenbarna Lukas Sætre (4) og Tobias Sætre Bjelland (7) var klar for å nyta dagen i Herøysundet.

- Eg skal bada i heile dag, kunne Tobias fortelja.

I Uskedalen var Joacim Sjo Musland (14) klar til å nytta finvêrsdagen i den nye Joda-båten sin.

- Eg fekk den for ein månad sidan, men dei tre siste vekene har eg vore i Thailand, så eg har ikkje fått køyrd så mykje. No gler eg meg til å køyra mykje båt framover, smilte han.

På Rabben camping hadde Sølvi Karin Hodne frå Tysvær vore rask til å finna fram målingsspannet sidan regnet endeleg hadde gitt seg. Ho måla treteltet til campingvogna si.

- Litt synd å måtta bruka godvêret til å måla i, men det er viktig å få det gjort. Og no er det endeleg vêr til det, så då er det berre å nytta på, forklarte ho.

Hodne har vore i Uskedalen kvar sommarferie sidan ho var nyfødd, og meinte det ikkje blei skikkeleg ferie utan å vera her.

- Uskedalen er sommar for meg, fortalde Hodne.

Helle Eikhaug Åsli (5) bur på hytta i Rosendal i ferien. Ho var med pappa for å fanga småkrabbar i Neslia onsdag.

- Dei er fine, men dei kan klypa litt, fekk vi forklart.

Søskenparet Sigrid og Sverre Lunestad Opland på seks og snart fire år hadde fått opp solteltet i Neslia.

- Vi er på ferie no, men vi skal snart flytta til Rosendal. Frå hausten av skal vi bu her, kunne Sigrid fortelja.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken