Fleire og fleire kvinnheringar legg sin elsk på bubil-livet, og på Halsnøy Caravanklubb sitt vårtreff som var helga 10.–12. mai, var heile 24 bubilar samla på bubilparkeringa ved samfunnshuset på Sæbøvik. I år fyller klubben 10 år. To av entusiastane som er med i klubben er Liv og Reidar Sæbø.
– Eg trur vi er rundt 30 bubilar i klubben, og det er òg folk frå fastlandet med. Det er veldig sosialt og kjekt. Vi plar å ha eitt treff på våren og eitt på hausten. Alle kjenner alle, og skal nokon på tur ein plass går jungeltelegrafen mellom oss, slik at andre òg kan slenga seg med og reisa til same plassen, fortel Liv.
Ho kjenner ikkje til at det finst andre slike bubil-klubbar i Kvinnherad. På vårtreffet i år hadde dei forskjellige kjekke aktivitetar, som hesteskokasting, lotteri og felles middag på Trallehuset.
Samhald
Liv og Reidar kjøpte sin første bubil i 2006, og reiser både i inn- og utland. Dei har vore i Kroatia, Tyskland, Danmark og Sverige med bubilen.
– Mange av dei vaksne som i dag har bubil, har hatt båt tidlegare, og det gjeld oss òg. Vi har båt framleis, men vi bur ikkje i den lenger. Med bubil slepp du å venta til solgangsbrisen er over før du kan flytta på deg, og det er ikkje like vêravhengig. Du berre pakkar i bilen og køyrer etter godvêret, fortel Liv.
Ho skryt over samhaldet mellom bubil-eigarane.
– Kjem du til ein ny plass kjem folk nærmast springane for å hjelpa til med å kopla deg til straum og vatn, og tar godt imot deg. Vi kosar oss i lag! Dei som vurderer å kjøpa bubil må berre hoppa i det, dei kjem ikkje til å angra!