SOMMARDUELLEN

Også denne sommaren vil Kvinnheringen utfordra folk til ulike uhøgtidelege duellar.

Duell i: Oppblåsing og padling av luftmadrass

Kven: Festivalsjefane for Festidalen, Una Kolle og Margit Lund-Mikkelson

Kor: I stranda i Uskedalen

Reglar: Blåsa opp ei luftmadrass, padla den ut til enden av kaien og tilbake og så tappa lufta ut av madrassen igjen på kortast mogleg tid.

Midt i travle festivalførebuingar utfordra vi dei to leiarane for Festidalen, Una Kolle og Margit Lund-Mikkelson, til duell i fylling, padling og tapping av luftmadrass. Sporty som dei er, tok dei sjølvsagt utfordringa. Men det er ikkje til å stikka under ein stol at det låg litt skepsis føre hos begge i forkant, mellom anna på grunn av badetemperaturen, som ikkje har fått mykje drahjelp av sommarvêret i år.

– Men eg bada faktisk i går, så eg har kanskje eit fortrinn der? vurderte Una før startskotet gjekk.

Staden var stranda i Uskedalen (kor elles?), og lufttemperaturen var rundt 19 grader. Kva temperaturen var i vatnet, blir rein gjetting, men om vi tar utgangspunkt i yr.no, så var det på same tid rundt 17 grader i vatnet i Ullensvang og på Radøy.

– Det slutta i alle fall å vera uuthaldeleg etter ei stund i går då eg bada. Men eg var ikkje under med heile kroppen, vedgjekk Una.

– Skal du verkeleg bada, mamma? Det har eg ikkje sett før, kom det i ein kommentar frå sonen til Margit, Abel (4).

I lag med storebror Phillip (8) var han med som heiagjeng.

Margit og Una blei kjende med kvarandre gjennom verva i Festidalen, og har funne ut at dei har mykje til felles også utanom lidenskapen for «#rock #fjell og #kjærleik». Dei er mellom anna begge sjølvstendig næringsdrivande i næringsmiddelbransjen, Una som produsent av den økologiske iskremen Isrosa og Rein hudpleie, og Margit som ølprodusent i Mykle Mikrobryggeri.

– Vi har mange ballar i lufta begge to. Og det aular av alle slags dyr på tuna våre, ler Margit.

 

Samde var dei òg om at konkurranseinstinktet er heller labert hos begge to. Men det er til vanleg. Kvinnheringen sin duell fekk det til å kribla litt ekstra i konkurransenervane på dei to festivalleiarane, og då startskotet gjekk, gav dei alt. Phillip og Abel følgde med med store auge då mamma Margit og Una blåste til dei blei heilt raude i fjesa. Først ferdig var Margit, og ho skulle akkurat til å hiva seg på vatnet då ho fann ut ho ville etterfylla litt luft i madrassen. Så var ho klar, og starta å padla. Ho var nesten over til snu-punktet då Una kasta seg i roinga.

 

Og følgjeleg var ho først tilbake på land og klar til å begynna å tappa luft. Men luft-tapping er meir krevjande enn det ein kanskje skulle tru, og konkurrent Una hadde snart teke ho igjen. Una hadde litt meir dreisen på å tappa, og madrassane blei erklært lufttomme på same tid.

– Eg skulle aldri ha etterfylt luft! konkluderte Margit då ho innsåg at sigeren hadde gloppe.

– Vi er visst gode på ulike ting, så det må jo vera ein bra ting når vi skal leia ein festival saman, konkluderte dei smilande.