Torstein Lund Eik

Lisa Jonetta var kjappare enn storebror Andreas i Kvinnheringen sin badeduell

Andreas (17) hoppa først i sjøen, men fomla litt ekstra lenge med påkledninga etterpå. Dermed stakk veslesøster Lisa Jonetta (15) av med sigeren i Kvinnheringen sin sommarduell i bading.
Publisert

Sommarduellen

Også denne sommaren vil Kvinnheringen utfordra folk til ulike uhøgtidelege duellar.

Duell i: Bading

Kven: Lisa Jonetta (15) og Andreas (17) Ølvestveit frå Åkra

Kor: På Øyro, kaien i Åkra

Reglar: Kle seg om til badetøy, hoppa i sjøen, ta av seg badekleda og kle på seg igjen – på kortast mogleg tid.

Då vi skulle finna duellantar til badeduell, kom vi på at Åkra både er ei naturskjønn bygd, tett på fjord og fjell, og at bygdefolket der er vane med å vera tett på naturelementa. Søskena Andreas og Lisa Jonetta Ølvestveit såg vi på scena i Åkra-revyen i påsken, og tenkte derfor at dei var sporty nok til å konkurrera. Det fekk vi rett i, og dei trong ikkje lang tid til å tenkja seg om før dei sa ja.

Taktisk

Då vi møtte dei på Øyro i ganske så vekslande sommarvêr med regn og solgløtt om einannan, kom Andreas frå oppdrettsanlegget til Marine Harvest i nærleiken, der han jobbar, ganske godt påkledd. Søstera Lisa Jonetta var meir sommarleg i antrekket, og var ikledd skjørt.

– Eg har tenkt nøye gjennom dette, og var taktisk då eg kledde på meg i dag. Dette skal eg vinna! smilte ho lurt.

– Oi, det har du ja! Eg har ikkje tenkt så mykje i forkant, svara Andreas.

– Har de konkurranseinstinkt då?

– Ja! Veldig, svara begge to, og såg lurt på kvarandre.

Med var også eigen «heiagjeng» i form av mamma Venke, pappa Stein Olav, og småsøskena Hjalmar (13) og Agathe (10). Hjalmar var forresten litt misunneleg på dei to som fekk duellera.

Her ser du nokre av dei som var heiagjeng og tilskodarar til badeduellen. F.v. mamma Venke, veslesøster Agathe, og søstrene Au-rora Li og Ine Fu Di Farestveit, som tok ein pause frå sommarjobben på Sjøbuo kafé. Lenger bak stod pappa Stein Olav og veslebror Hjalmar.

Her ser du nokre av dei som var heiagjeng og tilskodarar til badeduellen. F.v. mamma Venke, veslesøster Agathe, og søstrene Au-rora Li og Ine Fu Di Farestveit, som tok ein pause frå sommarjobben på Sjøbuo kafé. Lenger bak stod pappa Stein Olav og veslebror Hjalmar.

– Du kunne tenkt deg å konkurrera du og?

– Ja, smilte han.

Friskusane Andreas og Lisa Jonetta kunne sjølvsagt fortelja at dei hadde bada fleire gonger i år allereie – Lisa Jonetta så tidleg som i mars.

– Men eg trur det blir kaldt i dag, sa ho.

– I og med at det berre er kjapt uti og så opp igjen, trur eg ikkje det blir så ille. Eg trur det blir forfriskande, men dei på jobb kunne ikkje forstå at eg orka å bada i dag, la Andreas til.

Salto

Etter litt småprat bar det bort i den vesle stranda ved sida av Sjøbuo kafé, der deltakarane gjorde seg klare. Kvinnheringen sine utsendte telte ned, og så var dei i gang. Plagg etter plagg flagra rundt, før søskena måtte bruka kvart sitt handkle til å skjula seg bak medan dei fekk på seg badedrakt og shorts. Og medan Lisa Jonetta framleis sleit med å få av seg bh-en hoppa storebroren salto ut i sjøen.

Foto:

Ikkje før Andreas hadde kome seg på land og tørka seg med handklet var Lisa Jonetta på veg uti.

– Eg bør få stilpoeng for det hoppet der! kommenterte Andreas.

Då Lisa Jonetta kom tilbake etter å ha kara seg på land, blei det jamnare. Begge sleit med å få av seg dei våte badekleda, og Andreas hadde litt fleire og tjukkare plagg å få på seg enn søstera.

– Må eg ha på meg beltet òg? spurde han, og heiagjengen ropte «ja!» tilbake.

Og det treige beltet var sannsynlegvis det som gjorde at Lisa Jonetta slo broren, nærmast på målstreken.

– Juhu! jubla ho, til applaus frå heiagjengen.

– Søren òg, det var dumt eg hadde på meg belte i dag! sa Andreas oppgitt.

– Det var vel såpass jamt at vi nesten kan seia det blei uavgjort, svara Lisa Jonetta, før ho ombestemte seg:

– Eller nei, det hadde du aldri sagt. Eg vann, om enn berre så vidt, lo ho.

Begge var samde om at det ikkje var så ille å bada i sjøen denne dagen, sjølv om temperaturen berre var 14 grader.

– Det var skikkeleg vanskeleg å få av seg dei våte badekleda, og så ta på seg tørre klede, meinte dei.

Ingen av dei hadde konkurrert i slik duell før, og var samde i at det var moro å delta.

Akkurat i det Andreas skulle trø i kloggene og lukka jakka hadde søstera Lisa Jonetta fått armen gjennom hettejakka. Trass i svært jamt «løp» var det ho som stakk av med sigeren, meinte heiagjengen og Kvinnheringen sine bladfykar.

Akkurat i det Andreas skulle trø i kloggene og lukka jakka hadde søstera Lisa Jonetta fått armen gjennom hettejakka. Trass i svært jamt «løp» var det ho som stakk av med sigeren, meinte heiagjengen og Kvinnheringen sine bladfykar.

Artikkeltags