DUELLANTANE: Eline Albrethson (t.v.) og Sigrid Øyre.

DUELLANTANE: Eline Albrethson (t.v.) og Sigrid Øyre.

Hestejenter som hatar å tapa

Eline og Sigrid har lang erfaring frå hesteryggen. Begge elskar konkurransar. Eit perfekt utgangspunkt for ein sommarduell.
Publisert
DEL
Eline og Sigrid har lang erfaring frå hesteryggen. Begge elskar konkurransar. Eit perfekt utgangspunkt for ein sommarduell.

SOMMARDUELLEN

Også denne sommaren vil Kvinnheringen utfordra folk til ulike uhøgtidelege duellar.

Duell i: Saling og klargjering av hest.

Kven: Eline Albrethson (16) frå Omvikdalen og Sigrid Øyre (15) frå Rosendal.

Kor: Rosendal.

Reglar: Sala hesten og gjera den klar for ridetur på kortast mogleg tid.

Dommar: Stefan Barackov.

Eline Albrethson (16) og Sigrid Øyre (15) har drive med hest i mange år. Begge representerer Rosendal Rideklubb og deltek i konkurransar ulike stader i landet. Men korleis står det til med evna til å sala ein hest og gjera den klar til riding? Kvinnheringen utfordra dei to tenåringane til ein sommarduell. Begge tok utfordringa på strak arm.

– Eg er nervøs, kjenner på at dette vil eg ikkje, seier Eline like før starten av duellen.

– Det er alltid viktig å vinna ein konkurranse, meiner Sigrid.

Ho er i god konkurransemodus før startskotet går.

Konkurransereglane er klare. Her handlar det om å sala hestane og få på dei seletøy på ein skikkeleg og god måte, slik at både hest og ryttar skal ha det bra.

Det er viktig at hesten er pussa og strigla, slik at den er rein før den vert sala opp. Er ikkje smuss fjerna frå pelsen og huda til hesten før saling, kan det lett oppstå gnagsår etter seletøy, sal og hovudslag. Dette veit dei to konkurrentane alt om.

Som dommar i sommarduellen har vi henta inn den autoriserte ridelæraren og aktive konkurranseryttaren, Stefan Barackov.

FULL FART: Det var høgt tempo og breie smil i konkurransen. Her er Sigrid i full fart.

FULL FART: Det var høgt tempo og breie smil i konkurransen. Her er Sigrid i full fart.

KONSENTRASJON: Sigrid er konsentrert når seletøyet skal på.

KONSENTRASJON: Sigrid er konsentrert når seletøyet skal på.

Start

Eline sin hest, Bellis (19), og Sigrid sin hest, Layfatte (19), står klare utanfor stallen til Rosendal Rideklubb. Jentene har lagt saltøyet klart nokre meter frå hestane. Startskotet går. Dei to konkurrentane plukkar opp delar av seletøyet, spurtar mot hestane og startar salinga. Dei skular mot kvarandre, snakkar litt med seg sjølve og er tydeleg stressa. I raskt tempo kjem del etter del på. Begge følgjer læreboka som seier at salen skal leggjast opp mot manken og deretter dragast ned på ryggen til hesten for at håra til hesten ikkje skal liggja feil. Dei går systematisk til verks, og det er umogleg å seia kven som skal stikka av med sigeren, det er heilt jamt. Men så hoppar Eline opp på hesteryggen og strekkjer eine armen i lufta som eit teikn på at ho er ferdig. Det har berre gått fire minutt og 13 sekund sidan starten. Fire sekund seinare er Sigrid ferdig. Eline brukte kortast tid, men no er det dommaren som skal avgjera det heile. Med granskande og alvorleg blikk går han gjennom dei ulike delane av sal og reimar.

– Oi, her er det gjort ein grov feil, seier dommar Stefan og ser på Eline.

Ein låsmekanisme er ikkje sett i rett stilling.

– Herregud, eg har gjort feil heile livet, utbryt Eline som får 20 sekund tillegg på tida på grunn av feilen.

Dommaren startar inspeksjonen av Sigrid sitt arbeid.

– Oi, oi same feilen her, ikkje bra.

Stefan ser med strenge auge opp mot Sigrid som set på hesteryggen. Dermed har begge fått notert ein feil og 20 sekund tillegg.

Men dommaren vurderer ikkje berre salinga og tidsbruken, han vurderer heile hesten, blant anna om det er gjort eit grundig nok arbeid med strigling.

DETALJAR: Det er mange detaljar som må passast på under saling av hesten.

DETALJAR: Det er mange detaljar som må passast på under saling av hesten.

Sigrid stikk fingeren bort på hesten til Eline og drar opp ein liten lodott.

– Du, den røyter, det kan ikkje eg noko for. Eg vil ikkje ha på meg at eg ikkje steller hesten min skikkeleg, kommenterer Eline og sender veninna og konkurrenten sin eit morskt blikk.

Stefan gnir seg over haka, tenkjer og grublar.

– Dette vert vanskeleg. Begge hadde sal og seletøy korrekt, bortsett frå den eine feilen hos begge. Nei, dette vert ikkje lett, gjentek han og tek ein ny runde rundt hestane.

Han bed dei to koma ned frå hesteryggen og stiller seg mellom dei. Etter nokre sekund strekkjer han armen til Sigrid opp som teiknet på at det er ho som er kåra som vinnar av duellen. Vinnaren kjem med opp til fleire gledeshyl og kysser hesten sin. Eline viser med tydeleg kroppsspråk at dette er ein situasjon ho ikkje er komfortabel med.

– Eg har ingen kommentar til spørsmålet om eg hatar å tapa. Men eg kjenner at dette var ein nedtur i livet mitt, seier Eline.

– Eg er stolt og glad. Det er alltid kjekt å vinna konkurransar, kommenterer Sigrid.

Begge sette solide personlege rekordar når det handla om tidsbruken på å sala ein hest.

VINNAR: Dommar Stefan Barackov kårar Sigrid som vinnar av sommarduellen.

VINNAR: Dommar Stefan Barackov kårar Sigrid som vinnar av sommarduellen.

Artikkeltags