Smilande solstrålar i Ølve

SMILANDE SOLSTRÅLER: Magni Berge (t.v.) og Stine Rødland har sommarjobb på Joker Ølve, ein jobb dei stortrivst i begge to.

SMILANDE SOLSTRÅLER: Magni Berge (t.v.) og Stine Rødland har sommarjobb på Joker Ølve, ein jobb dei stortrivst i begge to.

Artikkelen er over 2 år gammel

Har du sett to smilande solstråler bak kassa på Joker Ølve i sommar? Då er det fort Stine Rødland og Magni Berge du har møtt på.

DEL

Dei to er nemleg sommarvikarar på butikken i Ølve, men det er langt ifrå heilt ferske fjes.

– Foreldra mine eig butikken, så eg har vore med her sidan eg var veldig lita. I starten var eg med og settte på plass varer og slikt, men i fjor byrja eg å sitja i kassen òg, seier Stine.

– Eg byrja å sitja i kassen for to år sidan, men eg har jobba her ei god stund før det òg. Det er ein veldig grei jobb og det er kjekt når dagane vert litt varierte, fortel Magni.

Veldig sosial jobb

Som butikktilsette flest har dei fleire arbeidsoppgåver å ta tak i gjennom dagen, frå å setja varer i hyllene til å ekspedera kundar. Men det er ikkje alle dagar som går like kjapt.

– Dagane kan bli litt kjedelege når det er fint vêr ute og det er lite folk i butikken. Men stort sett så er det veldig kjekt, seier Stine.

– Det er jo ein veldig sosial jobb og ein får treffa mange folk. Kundane våre er svært kjekke, så då er det gøy på jobb, legg Magni til.

Forutan jobben får dei tid til å slappa av og vere sosiale saman med vennane deira.

– Vennane våre er spreidd over alt, difor er det ekstra kjekt når alle fyrst er heime om sommaren og kan treffast, seier dei to.

Frå Ølve til Bali

Stine har akkurat kome heim att frå ein to vekers ferie i Tyrkia saman med familien, og no ventar det jobbing store delar av sommaren. Til hausten ventar andre året på idrettslinja ved Framnes vidaregåande skule. Magni skal straks i gang med ferien sin då Kvinnheringen er innom, og turen går til Milano.

– Der skal eg besøka ei venninne eg fekk då eg var på utveksling til USA, som er frå Italia. I tillegg kjem det ei amerikansk og ei spansk venninne, så det gler eg meg veldig til, smiler Magni.

Til hausten ventar bibelskulen Gå Ut Senteret i Trondheim, og etter berre nokre månadar i Trøndelag ventar 4,5 månadar på Bali.

– Her skal vi hjelpa til på eit senter som er til for å læra gatebarn og kvinner engelsk og matte, fortel ho.

Artikkeltags