Gå til sidens hovedinnhold

Sommarvêret er kome til Kvinnherad – send oss dine sommarbilde!

Vêrmeldinga for helga og dei neste dagane er til å glisa av, og vi reknar med mange kvinnheringar kjem til å nyta sommaren for fullt.

Kanskje blir det både bading, soling og grilling, båtturar eller fjellturar?

Vi vil gjerne ha lesarane sine sommarbilde! Dei vi får inn vil bli samla i ein bildeserie her på nettavisa, og kan òg bli brukte på trykk i papiravisa. Mot slutten av sommaren trekker vi fine premiar til nokre av dei som har sendt oss bilde.

Send bilda på e-post til redaksjon@kvinnheringen.no, eller bruk emneknaggen #kvinnheringen på Instagram.

Hugs å ta med info om kven som er på bildet og kor det er tatt.

Nyt finvêret, gode lesarar!

Les også

Kvinnherad mista hjortetoppen – Sunnfjord-ordføraren vrir jaktkniven rundt i såret

Kommentarer til denne saken