Gå til sidens hovedinnhold

Søndag kveld les forfattaren «live» frå boka si på Facebook

Artikkelen er over 1 år gammel

Forfattar Anders Totland har funne ei digital løysing i desse korona-tider.

Søndag kveld vil Totland filma seg sjølv medan han les høgt frå si eiga bok, Engel i snøen, som kom i 2016. Dei som vil kan sjå og høyra forfattaren via eit Facebook-arrangement.

– Absolutt alle blir påverka av det som no skjer, anten ein er frisk eller sjuk. Særleg ser det ut til at situasjonen vil gå hardt utover mange arbeidsplassar, og for mange av oss som lever av å utøva kunsten vår, er det ganske kritisk no. Kvar einaste arena me pleier å opptre på, er stengt ned. Skuleturnear og festivalar blir avlyst. Heile inntektsgrunnlaget forsvinn, skriv Totland på Facebook.

Sjølv har Totland opplevd at fleire av oppdragsgivarane hans som har avlyst jobbar framover, likevel vil betala han fullt honorar.

– Eg får altså betalt for å vera heime. Det er jo litt rart, sjølv om det er veldig fint. Samtidig kjenner eg litt for å gje noko tilbake. Det er grunnen til at eg inviterer til høgtlesing, skriv han.

Totland nyttar òg høvet til å be folk støtta Kreftforeininga sin innsamlingsaksjon Krafttak mot kreft. Russen skulle eigentleg gått med bøsser i dag, men på grunn av faren for korona-smitte blir innsamlingsaksjonen heildigital.

Les også

Slik gjer serveringsstadane det under korona-knipa

Kommentarer til denne saken