Døypte skuleversjonen av Søralløpet om til «Walledagen»

Desse fire tredjeklassingane på breiddeidrett er nokre av elevane på KVV som har jobba med å førebu skuleløpet sidan skulestart i haust. Ideen med å døypa løpet om til "Walledagen" kom frå Sondre Myklebust (t.v.) og Emil Bakke Berntsen. Vidare frå venstre står Loc Nguyen og Jonas Tazo.

Desse fire tredjeklassingane på breiddeidrett er nokre av elevane på KVV som har jobba med å førebu skuleløpet sidan skulestart i haust. Ideen med å døypa løpet om til "Walledagen" kom frå Sondre Myklebust (t.v.) og Emil Bakke Berntsen. Vidare frå venstre står Loc Nguyen og Jonas Tazo. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Som ein hyllest til «legenda» og idrettslærar Jan Inge Walleraunet hadde breiddeidrettsklassen hans døypt om skuleløpet til «Walledagen».

DEL

Torsdag gjekk startskotet for skuleversjonen av Søralløpet på Husnes, i regi av Søral B.I.L. og med breiddeidrettsklassen på KVV som medarrangør. Ein reknar at tett opp mot 900 barn og ungdommar anten sprang eller gjekk løypa rundt Hydro Husnes. KVV deltar for 18. gongen, Husnes ungdomsskule for 17. gong, Undarheim skule for niande gong, og i tillegg var ungar frå barnehagane på Husnes og Sunde med.

At idrettslærar Jan Inge Walleraunet er godt likt av ungdommane på KVV er ikkje noko nytt. Han har til og med eiga fan-side på Facebook! Nokre av elevane i breiddeidrettsklassen hans kom derfor på ideen med å døypa om skuleløpet til «Walledagen»:

– Han er jo så kul, ei legende, kommenterer Emil Bakke Berntsen.

– Kva sa han då de fortalde det?

– Han lata sjølvsagt som om det var heilt idiotisk, men innerst inne trur eg han synest det er artig, seier Loc Nguyen.

Seinare fann vi Walleraunet, rett før han gjorde seg klar til å springa, og spurde han kva han syntest om påfunnet.

– Desse ungdommane finn jo på så mykje tull! Då dei viste meg plakaten heldt dei på å le seg ihel. Eg har aldri godkjent det der, flirer han og ristar oppgitt på hovudet.

– Kva meiner du Are (Ulseth, i Søral B.I.L.) – er du fornærma over namnebytet, og at ungdommane ikkje kalla det Søralløpet?

– Nei, det gjer meg ingenting. Det er jo løpet på søndagen som er hovudløpet, det skikkelege Søralløpet. Eg har berre kalla dette «skuleløpet», så Walledagen er berre moro. Eitt år ville ungdommane kalla det for «Paradise Hotel-løpet», men då sette eg foten ned!

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags