«Tjuvstarta» Søralløpet

Artikkelen er over 3 år gammel

Hovudløpet er på søndag, men torsdag morgon sprang og gjekk nærmare 800 barn og unge Søralløpet i strålande sol. Sjå video frå starten!

DEL

Søndag er det igjen tid for det tradisjonsrike Søralløpet i regi av Søral B.I.L. Men torsdagen før hovudløpet plar idrettsklassen ved KVV arrangera eit skuleløp for vidaregåande, ungdomsskulen, barneskulen og barnehagane på Husnes. I år var også ungar frå Sunde barnehage med og gjekk løypa på torsdag. Nærmare 800 barn og unge deltok.

Og søndag er det altså tid for hovudløpet, og mange plar nytta høvet til å få seg ein fin søndagstur saman med familie og vener. Dei litt sprekare kan delta i konkurranseklassen. Starten går som alltid frå administrasjonsbygget på Hydro Husnes. Løpet er på 5,8 kilometer, og går i to sløyfer rundt aluminiumsverket. Påmelding og betaling av startkontingent kan gjerast på staden. Dette er 42. gongen Søralløpet vert arrangert, og det skjer i bedriftsidrettslaget femtiande år. Alle som deltar på løpet får premiar.

Dei som ikkje har høve til å delta på søndag, kan nytta sjansen i oppsamlingsløpet i ettermiddag (torsdag 8. september).

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags