1394 deltok på SØRAL-løpet

22 år gamle Erlend Nymark Jensen vart suveren vinnar av årets SØRAL-løp.

22 år gamle Erlend Nymark Jensen vart suveren vinnar av årets SØRAL-løp.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Populariteten til SØRAL-løpet held stand. I år gjennomførte 1394 personar, det er berre 78 færre enn i rekordåret 2013. Erlend Nymark Jensen vart suveren vinnar av konkurranseklassen.

DEL

22-åringen spurta gjennom den 5,8 kilometer lange løypa på tida 19.21. Det er ei sterk tid, men litt bak løyperekorden til Terje Aggvin som vart sett i 2010. Vinnaren var ikkje hundre prosent tilfreds med tida.

– Det er kjekt å vinna, men det var ikkje noko supertid. Eg hadde håpa at Terje Aggvin hadde stilt til start i dag, då kunne eg kanskje blitt pressa til ei litt betre tid, seier legestudenten.

Han satsar på halvmaraton dette året. Neste oppgåve for løpsmaskinen er Bergen Maraton.

Nummer to vart Ronny Nordal.

Sundag morgon og formiddag opna med høljregn og sterk vind. Men mot løpsstart letta det opp, og det vart etter kvart gode forhold under løpet.

– Det var flotte forhold i dag med fin temperatur. Litt duskregn innimellom gjorde berre godt, seier Svein Einan som gjekk saman med dottera Silvia. Begge dei to har delteke i alle 31 SØRAL-løp.

– Eg var fem år første gong eg deltok, seier Silvia som bur i Sandnes, men tek turen til Kvinnherad kvart år når startskotet for SØRAL-løpet går.

Mange pludra seg gjennom løypa. Her var det nyfødde og oldeforeldre, side om side. Blant desse var familien Romslo Teigen. I vogna hadde dei to døtre og mamma Cecilie Romslo var dagsventande med det tredje barnet sitt.

– Dette er fin trim for ei som snart skal fø. Eg har termin på torsdag, men eg håpar denne turen gjer at eg før i kveld, smiler Cecilie og Endre Teigen.

Kanskje den ventande stiller til start neste år.

Populariteten til SØRAL-løpet held stand. I år vart det til saman 1394 som gjennomførde løpet, det er berre 78 færre enn i rekordåret 2013.

Resultat konkurranseklassen

Menn:

1. Erlend Nymark Jensen (Bergen Løpeklubb), 19:24

2. Ronny Nordal (IL Trio), 20:17

3. Sindre Omvik (Omvikdalen IL), 20:42

4. Henrik Bauge (Rosendal), 21:13

5. Torstein Thorkildsen, 23:07

6. Anders Hersvik (Lyn), 23:08

7. Morten Gravdal (Ternen IL), 25:31

8. Brynjar Vigrestad (IL Trio), 27:53

9. Roald Vigrestad (Søral BIL), 28:00

10. Steinar Kroka (Uskedal IL), 29:46

Kvinner:

1. Hildegunn Håland, 25:43

2. Sunniva Ersland Myklebust (Uskedal IL), 29:16

3. Eli L. Rye, 29:33

4. Randi Grønstøl, 31:14

5. Kari Eide (Rosendal), 35:32

Artikkeltags