Sp-forslag om skattekutt i distrikta

Av

Senterpartiets programkomité opnar for å skru norsk skattepolitikk i meir distriktsvennleg retning. Eitt forslag er å kutte selskapsskatten i enkelte område.

DEL


– Vi foreslår lågare selskapsskatt i soner som i dag har differensiert arbeidsgivaravgift, seier leiaren i programkomiteen Marit Arnstad.

Forslaget blir no sendt på høyring i partiet.

Landet er i dag delt inn i sju ulike arbeidsgivaravgiftssoner. Satsane varierer frå 14,1 prosent i sentrale strøk til 0 prosent i Finnmark og Nord-Troms.

– Vi ønskjer at differensiert arbeidsgivaravgift skal vere breiare enn i dag og omfatte alle sektorar. I dag er det ei rekkje sektorar som er unnatekne, mellom anna finanssektoren, seier Arnstad.

Saman med partileiar Trygve Slagsvold Vedum summerte ho torsdag opp den politiske våren.

Arnstad foreslår òg at meir skattlegging knytt til naturressursar skal falle til vertskommunar og lokalsamfunn framfor staten, anten det gjeld vind, vatn eller havbruk.

Eit anna grep er å bruke 12 milliardar kroner over ti år på nye bygdevekstavtaler.

– Dei skal utformast lokalt, basert på dei ulike behova du har lokalt, men inngå forpliktande samarbeid med staten over ein femårsperiode for å få gjennomført ulike tiltak, seier Arnstad.

(©NPK)

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken