– Her har vi fått den flottaste butikken i Kvinnherad!

Barnehageborna sette stor pris på den gode Spar-kaka.

Barnehageborna sette stor pris på den gode Spar-kaka.

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Dette og mange andre godord var å høyra i folkemengda då Spar Valen torsdag opna igjen etter 10 dagar med stengde dører. Den omfattande utvidinga og oppgraderinga som har gått føre seg i mellomtida vekte begeistring. Ingen tvil om at bygdefolket på Valen er glade i butikken sin. Folk i alle aldrar strøymde til, inkludert prest, klokkar og barnehageborn. Dei yngste lét seg særleg begeistra av den store kaka som stykkevis vart delt ut til alle som ville ha.

Ingrid Bru klipte snora og Nils Trygve Markhus hjelpte til.

Ingrid Bru klipte snora og Nils Trygve Markhus hjelpte til.

Markeringa var betydeleg. Noko revynummer eller liknande med butikksjef Nils Trygve Markhus vart det ikkje. Denne gongen valde han å sleppa til Diani Garcia med song og gitar, før driftsleiaren i Spar-kjeda, Johann Ringdal, slo til med trompetfanfare.

– Det er nødvendig å fornya seg i denne bransjen, og takka vere de kundar hadde vi høve til å gjera det. Tusen takk, helsa ein smørblid Nils Trygve Markhus før mor Ingrid Bru klipte snora til applaus.

Ein av kundane stilte endåtil med eit lite flagg for å kasta ekstra glans over dagen.

Trubaduren Diani Garcia, som òg er tilsett hos Spar Valen, flankert av Ingrid Bru, Nils Trygve Markhus og resten av den faste gjengen i butikken.

Trubaduren Diani Garcia, som òg er tilsett hos Spar Valen, flankert av Ingrid Bru, Nils Trygve Markhus og resten av den faste gjengen i butikken.

Svært mange baud på applaus for den «nye» butikken på Valen.

Svært mange baud på applaus for den «nye» butikken på Valen.

Bente Nilsen kom eins ærend frå Spar Uskedalen for å gratulera Nils Trygve Markhus og medarbeidarane hans med dagen.

Bente Nilsen kom eins ærend frå Spar Uskedalen for å gratulera Nils Trygve Markhus og medarbeidarane hans med dagen.

Sju millionar

Store summar har gått med til fornyinga av butikken. Ved inngangen har huset fått eit påbygg på 70 kvadratmeter i to høgder. Det tidlegare lageret på andre sida av huset er no innlemma i butikken og har gjort denne noko større. Innreiinga er skifta ut, mellom anna med heilt nye kjølarar og frysarar.

– Desse nye går på ein miljøvenleg gass i motsetnad til dei gamle. Det kosta ein del, men vi er likevel fornøgde med å ha gjort det, seier Markhus.

Sju millionar er den totale prisen. Vi spør korleis dette kan forsvarast.

– Det var nødvendig å gjera noko for å oppretthalda god service og for å kunna gi kundane ei fin handleoppleving. Håpet er at vi skal tiltrekkja oss endå fleire kundar, men sjølv med same omsetnaden skal dette gå fint, forsikrar Ingrid Bru og Nils Trygve Markhus, som begge måtte bruka mykje av tida til handhelsing og mottaking av gratulasjonar.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags