Styret i Sparebank 1-stiftinga Kvinnherad gir Kvinnherad Golfklubb 40.000 kroner i forbindelse med klubben sitt spleisprosjekt for ny golfsimulator.

Det kjem fram i ei pressemelding torsdag ettermiddag.

Avgjersla blei tatt i eit styremøte 26. januar.

Golfklubben samlar inn pengar til ein golfsimulator med tilhøyrande utstyr.

– Styret i stiftinga synest dette er eit godt tiltak med tanke på opplæring, rekruttering og for å halda oppe aktivitet og trening når banen er stengd på vinterstid, skriv styreleiar Svein Arne Eidsvik i pressemeldinga.