Nye fire millionar til Kvinnherad Arena

– Eg er mållaus over pengane de drysser utover lokalsamfunnet, det kjennest som julekveld og 17. mai på ein og same dag.

DEL

Det sa Knut Prestnes, styreleiar i IL Trio på tildelingsmøtet i Sparebank 1-stiftinga fredag. Stiftinga har frå før tildelt åtte millionar kroner til prosjektet Kvinnherad Arena, som no nærmar seg ferdig finansiert.

– Vi har fått positive tilbakemeldingar frå fleire andre aktørar, så no nærmar vi oss, sa Prestnes.

Det var på generalforsamlinga i Sparebank 1-stiftinga onsdag at dei nye rammene for utdeling av midlar vart vedtekne. Som vanleg vert det éin søknadsrunde til hausten og éin til våren, der stiftinga vil dela ut 10 millionar kroner i kvar runde. I tillegg vart det vedteke å dela ut ytterlegare 10 millionar. Ni av desse var fordelte på tre større prosjekt som stiftinga meiner er viktige med tanke på idrett og aktivitet for både born og vaksne fredag: Fire millionar til Kvinnherad Arena, tre millionar til nye Rosendal stadion og to millionar til klatretårn i Uskedalen.

Den siste millionen står til styrets disposisjon for utdeling til organisasjonar utan søknad. Fredag fekk Valen sjukehus/ valestiftinga 75.000 av desse, til kjøp av båt med påhengsmotor. Kvinnherad Turlag fekk også 75.000 kroner, for å fortsetta arbeidet for naturvennleg og trygt friluftsliv i Kvinnherad kommune.

Artikkeltags