Jublande frivillige etter milliondryss

DEL

43 mottakarar fekk til saman 5,2 millionar i gåver frå Sparebank1-stiftinga onsdag kveld.

Om gåva var på 10.000 eller tre millionar, glade mottakarar smilte like mykje og takka like hjarteleg for gåva dei fekk. Dei største pengesummane som vart delte ut kom aller først og sist i programmet. Idrettshallen som skal byggast på Husnes, har fått heile tre millionar kroner, to millionar tidlegare og éin ny million på onsdag. Knut Prestnes tok imot den storslåtte gåva på vegner av dei som har jobba med prosjektet. Styreleiaren i Sparebank1-stiftinga, Svein Arne Eidsvik, sa at Sparebank1-stiftinga vil vera ein pådrivar for at hallen vert bygd, og at dette kan vera ein god start. Han sa at gåva blir gitt, dersom hallen blir bygd.

– Dette er julaftan og 17. mai på ein gong og midlar som kjem utruleg bra med til eit stort og flott prosjekt, takka Prestnes.

Han gjekk òg gjennom prosjektet for eit lydhøyrt publikum.

Dagleg leiar i Sparebankstiftinga, Daniel Morso, leia prisutdelinga, medan styrerepresentantar i stiftinga stod for dei ulike tildelingane.

– Nytt av året er det at ingen denne gongen veit kva dei får i gåve, så i dag blir det sorg eller glede over kva kvar organisasjon får, sa Morso.

Sidan stiftinga vart oppretta er det no delt ut 47 millionar kroner.

I tur og orden vart det delt ut pengar, og mottakarane takka hjarteleg. Omvikdalen bygdekvinnelag fekk 10.000 kroner til å laga mat i barnehagen.

– Fantastisk, no får born i barnehagen læra å laga mat frå botnen av, helsa Ester Falk på vegner av bygdekvinnelaget.

HSD sitt veteranbusslag fekk 20.000 kroner, og Lars Wang takka og bukka og fortalde at dei to veteranbussane til laget blir flikka og flidd på heile tida. 3.500 dugnadstimar har gått med på prosjektet.

Solide 300.000 vart løyvd til ny sherpasti til Skålafjell i Rosendal.

– No blir tilbodet komplett. Ingen av stiane til Melderskin, Malmangernuten og Skålafjell hadde blitt til om det ikkje var for Sparebankstiftinga, takka Morten Nygård.

Sigmund Askeland fekk på vegner av Kvinnherad MC-klubb 60.000 kroner til straum ved knattekrossbanen i Fjellhaugen. Han heldt ein kort presentasjon og viste fram kva arbeid ein no held på med og kva aktivitet klubben har.

Og slik heldt det fram, i Sjøvangen fekk dei 150.000 kroner til det Bente Kviteberg kalla ein «Military fitness løype». Rosendal Musikklag og Rosendal skulekorps takka for gåvmilde gåver til uniformer og instrument. Heile 700.000 kroner vart delte ut til opprusting av Rosendal Stadion.

Gurine

Solide ein million kroner gjekk òg til galeasen Gurine. Pengane her skal gå til vidare restaurering av fartøyet.

Anders Jordal seier i intervju etter utdelinga at dugnadsgjengen vil verta overlukkelege over denne storslåtte gåva.

– Det kom overraskande, og det er nok ein stor sum vi får. Rundhan-da og generøst, rosar Jordal.

Han seier han trudde dei hadde fått 100.000 då han såg tala på skjermen, men det var ein null ekstra bak.

– Det skal helse til å ta imot ei slik gåve, seier ein rørt Jordal.

Dermed kjem ein eit langt steg vidare med restaureringa av Galeasen Gurine. Sjølv med dette beløpet er ein ikkje i mål med omsyn til kostnaden, men ein er kome eit langt steg vidare.

– Det er no mykje av det vi skal gjera kostar pengar. Skroget skal gje-rast ferdig utvendig, dekk skal drivast og oljast. Overbygg skal byggast og båten skal innreiast. Det skal kjøpast 300 meter med tau og 300 kvadratmeter med segl skal på plass. Tryggleiksutstyr og navigasjonsutstyr må òg kjøpast, så pengane ryk til, forklarar Jordal.

Pengane har jamt og trutt ramla inn til arbeidet med Gurine, og ein har enno ikkje hatt ein einaste stopp fordi ein har mangla pengar.

– Tildelingar frå kommunen og Sparebankstiftinga har gjort at vi heile tida har hatt drift, og målet er sjøsetjing til våren eller sommaren 2019, seier Jordal.

Totalt har ein fått 5,1 million i gåver til opprustinga, men den største innsatsten er dugnadsinnsatsen, som vil passera 40.000 dugnadstimar. To gonger i veka stiller 15 -20 personar opp til dugnad.

– No blir det å henga opp diplom, og kanskje blir det ei kake til dugnadsarbeidet i neste veke, seier ein glad Jordal. 

Dei største mottakarane:

Uskedal Ungdomslag, scene Helgheim                                  125.000

Rosendal Skulekorps Olsen, blank messing                            150.000

Sunde Kyst‐ og Litteraturse, ny kai ved kystkultursenteret   150.000

Røen og Sjøvangen Velforening, Halsnøy Hinderløype           150.000

Uskedal idrettslag, utstyrsbod på kunst`n                             200.000

Fjellhaugen Skisenter AS, styringssystem til skitrekk                200.000

Omvikdalen Ungdomslag, Oppgradering trapperom, lagerrom 200.000

Trio Idrettslag, 9ar‐kunstgrasbane                                           280.000

Rosendal Turnlag, Skålafjell, sikring av stien frå Åsvold              300.000

Rosendal Samfunnshus, parkett i festsalen i Rosendal Samf      300.000

Rosendal Turnlag, nyetablering og opprusting av Rosendal stadion                                                                                    700.000

Interesselaget for galeas Gurine, restaurering av Gurine         1.000.000

Trio Idrettslag, idrettshall (reservert)                                      1.000.000 (To million tidlegare)

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags