Pengegåver i fleng

Leif Inge Heimvik (nummer to frå venstre) takka for pengegåva til Sikval med å framføra to songar i Kulturhuset Husnes.

Leif Inge Heimvik (nummer to frå venstre) takka for pengegåva til Sikval med å framføra to songar i Kulturhuset Husnes.

Artikkelen er over 3 år gammel

Det var mange glade eldsjeler som fekk tildelt rause pengegåver frå SpareBank1-stiftinga, som òg har reservert 1.250.000 til ny idretts-hall på Husnes.

DEL

– Det ordna seg no, sa representanten frå Uskedal IL som onsdag fekk tildelt 50.000 kroner for å ferdigstilla kiosken på Uskedal Stadion.

Det var mange det ordna seg for, då representantar for SpareBank1-tiftinga Kvinnherad delte ut nye fem millionar. Til saman har stiftinga delt ut 25 millionar i løpet av fem år.

Det var kome inn over 80 søknadar til ein samla søknadssum på 10 millionar kroner.

– Dette er kjekt, men vi har òg måtte senda melding til nokre om at dei ikkje får innfri søknaden sin i denne omgangen, seier dagleg leiar i stif-tinga, Åsmund Kåre Rørvik til Kvinnheringen like før utdelinga startar.

Det er ingen tvil om at stiftinga har sett positive spor etter seg ute i store og små bygder i Kvinnherad, der det føregår eit imponerande frivillig arbeid av ulike slag. Pengegåvene frå stiftinga inspirerer gamle og unge til å halde fram. Eller som Steinar Haugan sa det då han på vegner av arbeidsgruppa til Valeparken tok imot 150.000 kroner:

– Eg konstaterer at kulturlivet i bygdene er blitt noko anna etter at SpareBank1-stiftinga starta utdelinga av desse rause gåvene. Men Valebygda er heller ikkje den same som etter at Valeparken kom, sa Haugan.

Sigmund Nordfonn tok imot 250.000 kroner til nærmiljøanlegg på Sunde.

– Dette er heilt fantastisk og heilt uventa. Desse pengane gjer at vi kan ferdigstilla fleirbruksanlegget vårt, sa Nordfonn.

Omvikdalen ungdomslag har lenge hatt planar om ei renovering av sanitæranlegget i ungdomshuset Dalheim, men finansane har mangla.

– Vi har i eit par år snakka om denne renoveringa, men har ikkje hatt råd. Det har vi no. Dette er ein stor dag for oss, sa Idar Sundal Rangsæter, då han takka for 200.000 kroner.

Den «feitaste» sjekken vart delt ut til Baroniet Rosendal. 500.000 kroner skal nyttast prosjektet «Digital formidling Baroniet Rosendal».

Under pengedrysset i Kulturhuset på Husnes, kom styreleiaren i stiftinga, Svein Arne Eidsvik, med ei skikkeleg gladmelding til dei som kjempar for ny idrettshall på Husnes.

– Styret i stiftinga har vedteke å reservera 1.250.000 kroner til ny idrettshall på Husnes.

Pengegåvene frå SpareBank1 Stiftinga Kvinnherad vart fordelte slik:

Idrettslag:

Omvikdalen idrettslag: 30.000 til prosjektet «På ski heile året».

Kvinnherad Handballklubb: 80.000 til HU-laget og trenarutdanning.

Matre Idrettslag: 40.000 til rydding av den gamle postvegen.

Rosendal fotball: 40.000 til utstyr.

Uskedal idrettslag: 50.000 til ferdigstilling av kiosk på Uskedal stadion.

Rosendal Turnlag - turgruppa: 200.000 til Malmangernut, sikring mellom Høyklepp og Hjort.

Bygdelag:

Omvikdalen bygdekvinnelag: 10.000 til middagsproduksjon i barnehage.

Ænes og Mauranger bygdelag: 25.000 til oppgradering av samfunnshus.

Utåker bygdelag: 50.000 til opprusting av bygdehus.

Herøysund bygdelag: 50.000 til Sløyden bandprosjekt.

Ølve ungdomslag: 100.000 til oppgradering av Ølve ungdomshus.

Omvikdalen ungdomslag: 200.000 til oppgradering av sanitæranlegg.

Kristent arbeid:

Husnes indremisjon: 5.000 til KRIK-Nattkafé.

Valen Kyrkjelydslag: 10.000 til gassgrillar til barne- og ungdomsarbeid.

Husnes og Holmedal Sokneråd: 30.000 til Sikval.

Musikk

Husnes Musikklag: 50.000 til nye instrument.

Husnes Skulekorps: 50.000 til slagverkinstrument.

Rosendal Musikklag: 50.000 kroner til nye instrument.

Andre

Skarveland skule: 10.000 til karusell på skulen.

Amcar Kvinnherad: 30.000 til ungdomsprosjekt.

Kjeldestøl venelag: 50.000 til oppattbygging av Torkjellsselet og

Peraselet.

Kvinnherad Røde Kors Omsorg: 50.000 til å skapa sosial hyggje for eldre og einslege.

Valestiftinga: 55.000 til Solosaga MB.

Interesselaget for galeas Gurine: 100.000 til restaurering av galeasen.

Røen og Sjøvangen Velforening: 100.000 til Halsnøy helsesportløype.

Kvinnherad Frivilligsentral, seniorgruppa: 120.000 til paviljong

Husnesparken.

Arbeidsgruppa Valeparken: 150.000 til Valeparken.

Sunde Kyst- og Litteratursenter: 150.000 til utbetring av kai.

Baroniet Rosendal: 500.000 til digital formidling ved Baroniet Rosendal.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags