Rundar 50 millionar og slår på stortromma

PÅ AKTUELL GRUNN: Dagleg leiar i Sparebank1-stiftinga, Daniel Morso, står her fremst. I ryggen har han styret. F.v. Gunnar Våge, Magnhild Haugland, Svein Arne Eidsvik, Frøydis Sjo Fjellhaugen og Synnøve Solbakken. Stadionanlegget på Husnes er eitt av mange prosjekt som har fått pengar frå stiftinga.

PÅ AKTUELL GRUNN: Dagleg leiar i Sparebank1-stiftinga, Daniel Morso, står her fremst. I ryggen har han styret. F.v. Gunnar Våge, Magnhild Haugland, Svein Arne Eidsvik, Frøydis Sjo Fjellhaugen og Synnøve Solbakken. Stadionanlegget på Husnes er eitt av mange prosjekt som har fått pengar frå stiftinga.

Artikkelen er over 1 år gammel

Onsdag deler Sparebank1-stiftinga Kvinnherad ut pengar igjen, og når kvelden er over er 52.847.000 kroner fordelte til lag og organisasjonar i løpet av åtte år.

DEL

Og apropos stortromma: Snart er det 17. mai og tid for korps med stortrommer, og det er ikkje få kroner stiftinga har delt ut i form av instrument-støtte til dei lokale korpsa.

Onsdag møtte Kvinnheringen ein smilande dagleg leiar i stiftinga, Daniel Morso, og eit like blidt styre: Svein Arne Eidsvik (leiar), Frøydis Sjo Fjellhaugen, Synnøve Solbakken, Gunnar Våge og Magnhild Haugland. Dei vedgår å ha ei veldig kjekk oppgåve: Å ausa midlar over lag, organisasjonar og gode prosjekt i Kvinnherad, Odda og på Stord.

– I samband med at vi runda 50 millionar utdelte kroner, blir også mottakarane frå Odda og Stord med på den kombinerte gåveutdelinga og feiringa i Kulturhuset Husnes onsdag kveld, fortel styreleiar Svein Arne Eidsvik.

I tillegg til gåvemottakarane, er det invitert representantar for SR Bank Stavanger, alle dei tilsette i SR Bank Kvinnherad, generalforsamlinga i stiftinga, ordførar Peder Sjo Slettebø, tidlegare dagleg leiar i stiftinga; Åsmund Kåre Rørvik, Linda Øen frå kommunen sitt kulturkontor og fleire med.

– Totalt er det 170 inviterte til festen, smiler Morso, som alt veka før lovar ei ekstra flott og stor kake til kvelden.

I tillegg blir det kulturelle innslag frå Kvinnherad og Odda.


Stadig fleire søknader

Den første runden med gåveutdeling frå Sparebank1-stiftinga Kvinnherad fann stad hausten 2011. Seinare har det gått slag i slag med rause gåver to gonger i året. Den daglege leiaren i stiftinga kan rapportera at talet på søknader aukar, søknadsbeløpa aukar, og det går såpass bra med pengebingen at det enda med 14 millionar i utbyte i fjor.

– Vi fekk inn 148 søknader frå lag og organisasjonar i dei tre kommunane – 78 søknader passerte nålauget. Det vart søkt om i alt 24,4 millionar kroner – onsdag blir det delt ut til saman 7,5 millionar, opplyser Morso.

Til liks med førre utdelingsrunde, har ingen fått vita stønadssummen på førehand. Summane blir først gjort kjende på utdelingskvelden.

– Det gjer kvelden litt meir spennande, er dagleg leiar og styremedlemene samde om.

Og til dei som ikkje fekk gjennom søknaden i denne runden er meldinga klar: Søk på nytt i neste runde – det skjer ei viss fordeling over tid og i forhold til aktuelle prosjekt.

– Når onsdagskvelden er over har vi delt ut til saman 650 pengegåver sidan oppstarten i 2011, oppsummerer Morso.

– Det må vera ein kjekk jobb styret og dagleg leiar har?

– Ja, tildelingskveldane vi har er kjekke, seier Solbakken.

– Og så er det givande å lesa dei mange gode søknadane, legg Haugland til.

– På toppen av det heile får vi mange gode tilbakemeldingar, supplerer Eidsvik.


Stor breidde

Styreleiar Eidsvik gler seg over stor breidde i søknadane, og viser til at det over tid hamnar midlar til alle kantar av kommunen, til oppmuntring for godt, frivillig arbeid. Synnøve Solbakken er samd:

– Det ville sett heilt annleis ut i lagsarbeidet rundt om utan desse tildelingane.

Både styremedlemene og dagleg leiar trur midlane utløyser meir dugnadsarbeid enn ein elles ville sett.

– Mange gir oss tilbakemelding om at dei ikkje ville fått gjennom prosjekta sine utan støtta frå stiftinga, seier Morsi.

Styret tar også eigne initiativ til tildelingar, og har gitt gåver til lag som kanskje ikkje er like frampå som andre.

– Vi har til dømes gitt til SIKVAL, Røde Kors Omsorg og handballaget KHK Foreina, opplyser Eidsvik.


Fleire store prosjekt

Nokre store prosjekt har fått avgjerande støtte frå stiftinga. Galeas Gurine er støtta med 2,1 mill., og friidrettsanlegga på Husnes og i Rosendal (i kjømda) er også blant tungvektarane.

– Vi har prioritert store idrettsanlegg og har alt løyvd tre millionar til den planlagde, nye idrettshallen på Husnes, understrekar styreleiar Eidsvik.

Samfunnshusa i kommunen har òg fått store midlar.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags