No er nye Rosendal stadion fullstendig finansiert

F.v. dagleg leiar i Rosendal Turnlag Jonathan Byrkjenes, styreleiar i Sparebank 1-stiftinga Svein Arne Eidsvik, nestleiar i Sparebank 1- stiftinga Synnøve Solbakken, og styreleiar i Rosendal Turnlag Jostein Hatteberg.

Prosjektet kan med det leggast ut på offentleg anbod.

DEL

Fredag mottok Rosendal Turnlag tre millionar kroner på eit ekstra tildelingsmøte i Sparebank 1-stiftinga. Dei har frå før fått til saman i underkant av 1,1 millionar kroner frå stiftinga.

– Med denne pengegåva er prosjektet no fullstendig finansiert, og kan med det leggast ut på offentleg anbod, kunne styreleiar i turnlaget, Jostein Hatteberg, meddela.

Grunna høgare kostnadar med grunnarbeid enn dei hadde sett føre seg, har det tatt lengre tid å skaffa finansiering enn dei hadde trudd.

– Men no kan vi truleg starta på grunnarbeidet i haust, og legga banedekk til våren. Vi er utruleg takksame for at de er med og bidreg, sa Hatteberg.

Artikkeltags