Minnerik barndomstid i speidaren

Eirin Van Gool (t.h.) hugsar barndomstida i speidargruppa i Rosendal. I 1986 blei ho og venninna Hilde Jacobsen intervjua av Kvinnheringen.

Eirin Van Gool (t.h.) hugsar barndomstida i speidargruppa i Rosendal. I 1986 blei ho og venninna Hilde Jacobsen intervjua av Kvinnheringen.

Artikkelen er over 1 år gammel

Eirin Van Gool hugsar godt tida i speidargruppa i Rosendal. – Det var ei veldig kjekk tid, med mange flotte opplevingar.

DEL

FRÅ ARKIVET TIL KVINNHERINGENMedan vi leitar gjennom det digitale arkivet til Kvinnheringen dukkar ei sak frå 19. september 1986 opp. Der er det bilde av to unge jenter i speidaruniform, Hilde Jacobsen og Eirin Van Gool. Dei hadde troppa opp i redaksjonslokala, og ville at Kvinnheringen skulle skriva om «Speidarjobben». Speidarane i kommunen var nemleg på jakt etter småjobbar for å samla inn pengar til ulike hjelpeprosjekt i andre land. Minstebetalinga var ti kroner timen.

Eirin Van Gool hugsar ikkje det konkrete avisoppslaget for 31 år sidan, men tida i speidaren hugsar ho derimot godt:

– Det var veldig mange av oss som budde på Seimsfoss som var med i speidaren, og eg hugsar vi starta opp i lokala til barneskulen på Seim. Seinare flytta vi til det gamle speidarhuset ved Rosendal ungdomsskule. Det var eit utruleg inkluderande miljø, og vi fekk vera med på mange kjekke turar, blant anna til Myrdalsvatnet, og på ulike leirar.

Ho meiner speidargruppa i Rosendal var eit flott fritidstilbod for born og unge, og sjølv om den høyrte til ein kristen organisasjon, var fokuset mest på samhald og naturopplevingar. Van Gool er framleis veldig glad i naturen, og trur noko av grunnlaget blei lagt då ho var med i speidaren. No bur ho på Stord, der ho jobbar som psykiatrisk sjukepleiar.

– Eg elskar å gå tur, og eg saknar dei høge Kvinnherad-fjella. Det er ikkje så mange høge toppar her på Stord.

Van Gool seier ho håpar speidargruppa i Rosendal framleis er i drift, og det kan vi heldigvis bekrefta. Etter at det gamle speidarhuset blei borte i 2012, fekk speidarane flytta til gamle praksisfløyen ved ungdomsskulen, som Norsafe eig.

Artikkeltags