Speidarane vil ha loppene dine

«ALLTID BEREDT»: Rosendal Speidargruppe lagar i slutten av mars til loppemarknad. Dei er allereie no klare til å ta i mot store og små lopper.

«ALLTID BEREDT»: Rosendal Speidargruppe lagar i slutten av mars til loppemarknad. Dei er allereie no klare til å ta i mot store og små lopper.

Siste laurdagen i mars arrangerer Rosendal Speidargruppe loppemarknad. Dei er allereie no i gang med å ta i mot lopper.

DEL

– Vi har innlevering av ting til loppemarknaden kvar måndag når det er speidarmøte. Då kan folk komma å levera loppene sine, seier Gunn Ystanes Kleppe, leiar i Rosendal Speidargruppe.

Vil ha heile ting

Saman med speidar Solfrid B. Ulvestadbakken (11) og resten av speidarane er ho allereie i gang med å ta i mot ting til loppemarknaden i speidaren sine lokale i den gamle ungdomsskulen.

­­– Vi tar i mot alt, utanom større møbler. Og vi vil ikkje ha øydelagde ting. Det er viktig at det som blir levert inn er skikkeleg og kan brukast av andre, fortel Kleppe.

Klede, sko, kjøkenutstyr, bøker, gardiner, småmøblar og sportsutstyr er noko av det speidarane ynskjer at folk kjem med.

Kretsleir

Inntektene frå loppemarknaden skal gå til sommarens speidarleir.

– Når vi reiser på leir går det alltid litt pengar, så det vi får inn her går hovudsaklig til dette.

I år er kretsleiren lagt til Øvre Eidfjord.

– Speidarar frå krinsane Ryvarden, Hordaland og Sogn og Fjordane skal ha leir saman i år, fortel speidarleiar Margunn Mæle Øvsthus.

Stjernetelt og lopper

Loppemarknaden, som skal vera i Rosendal Speidargruppe sine lokale 30. mars, samlar også folk frå andre bygder enn Rosendal og speidarane vil denne dagen laga til utekafé for dei som kjem.

– Vi synest det er kjekt at folk kjem frå andre bygder også. Vi har jo speidarar frå fleire bygder. Vi slår opp det store stjerneteltet vårt og lagar til kafé utandørs med bålpanne, nysteikte lappar og kaker, fortel Kleppe.

INNSAMLING: Solfrid B. Ulvestadbakken og Gunn Ystanes Kleppe i Rosendal Speidargruppe har fått inn ski, sparebøsse og kaninkostyme som skal seljast på loppemarknaden i slutten av mars, og ynskjer at endå fleire leverer inn lopper.

Artikkeltags