Trippelt sølv i NM

IMPONERTE: Terje Bakke, Atle Helland og Taisto Erkinharju skaut alle til sølv under norgesmeisterskapen på Røros i helga. (Foto: Privat).

IMPONERTE: Terje Bakke, Atle Helland og Taisto Erkinharju skaut alle til sølv under norgesmeisterskapen på Røros i helga. (Foto: Privat).

DEL


150 bogeskyttarar deltok då NM i 3D-skyting blei arrangert på Røros denne helga, i klasse både med og utan sikte, i tillegg til eigen bogejegerklasse (der ein brukar jaktrelatertutstyr).

Laurdag var det innleiande skyting der 24 ulike dyrefigurar blei plasserte rundt i terrenget. Dei åtte beste skyttarane i kvar klasse gjekk vidare til eiga finale gruppe på søndagen.

I klassen utan sikte deltokTerje Bakke, Hans Einar Holmedal og Frank Johnsen. Bakke skaut best av desse og hamna til slutt på ein 5. plass. Han kunne reisa heim med sølvpokal frå sin klasse. Også Holmedal og Johnsen hamna på øvre del av resultatlista.

Taisto Erkinharju skaut jamtog trutt heile helga og sikra seg ein flott sølvmedalje i bogejegerklassen.

I klassen med sikte(«compound») deltok Terje Haugen og Atle Helland. Terje var uheldig innleiingsvis med utstyrsfeil, noko som førte til at det blei vanskeleg å hevda seg.

Atle låg på tredjeplass etter innleiande rundar, ei plassering han heldt etter eliminasjonsrunden på søndagen. Etter siger i semifinalen, blei det finale mot éin av Norge sine to landslagskyttarar. Der blei det knipe tap med 44 mot 43 poeng.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags