Søndag 2. desember vart det igjen arrangert bogestevne i Sunde skule, denne gong vart det skote fullt 60-pilsstemne. Forutan deltakarar frå den nystarta Kvinnherad Bogeskyttarklubb, var det også ein del skyttarar frå Stord.

Hans Einar Holmedal, Terje Bakke og Frank Johnsen som berre for nokre veker sidan sette ny norsk rekord på 30 skot lagskyting i klassen instinktiv (utan sikte) knuste no den gamle rekorden på 60 skot med 1572 poeng. Best var Hans Einar med 530 poeng, følgd av Terje med 523 poeng og Frank med 519 poeng.

Elles så skaut Kristianne Øvrehus svært bra i same klasse, og vann kadett med 416 poeng, følgd av Lukas A. Sunde med 341 poeng. Beste barbow-skyttar vart John Arild Medhus. Klassen med sikte vann Atle Helland i Compound 1 med 578 poeng, medan Taisto Erkinharju vann Compound 2 med 554 poeng.