Flott innsats i dårleg vêr

Marit Århun frå Matre spurte inn til siger i sin klasse.

Marit Århun frå Matre spurte inn til siger i sin klasse. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

www.kvinnheringen.no: To nye løyperekordar i Nuten Opp og sterk innsats frå familien Årthun Bergane.

DEL

Om vêret var surt, var i alle pågangsmotet på topp under Fjellstreif sitt motbakkeløp Nuten Opp søndag ettermiddag. Ruth Solveig Årthun Bergane frå Matre sette ny løyperekord i jenteklassen 12 – 14 år på tida 1.02.24, eit lite minutt sterkare enn den gamle rekorden, som ho sjølv sette i fjor. Systera Louise i klassen over (15 – 16) kom seg til topps på Malmangernuten to sekund før Ruth Solveig, men det heldt likevel ikkje til løyperekord. Det tek nok ikkje Louise så tungt, for ho har sjølv rekorden på distansen, og dei aller fleste brukte lenger tid enn vanleg på grunn av det ublide vêret på oppturen.

Mor til jentene, Marit Årthun, var også i slag. Ho spurta inn til ein klar siger i klassen kvinner 40 – 49 år på tida 50.57, gode tre minutt betre enn nummer to, Margun Eik frå Rosendal.

Ikkje uventa vart australske Jonathan Craig Wyatt først til topps blant mennene i klassen 23 – 39 år på den imponerande tida 37.20.

Best av kvinnene 23 – 39 år vart May Britt Buer frå Odda. Ho gjorde eit uvanleg godt løp og slo favoritten og rekordhaldaren, italienske Antonella Comfortola, med 31 sekund. Buer la bak seg distansen opp til 892 moh. på 43.20. I klassen for kvinner over 60 sette Ragnhild Korneliussen frå Bergen dagens andre løyperekord på tida 1.04.03.

Av dei 79 som gjennomførte i konkurranseklassen, var 15 heimehøyrande i Kvinnherad. Det populære motbakkeløpet samlar deltakarar frå heile Vestlandet, pluss ekteparet Wyatt som stiller trufast kvart einaste år. Til neste år får løpet NM-status og vil truleg samla endå fleire.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags