Seriekamp 3. divisjon menn

Trio-Stord 4-3 (3-1)

Tilskodarar:245

Mål:1-0 Jonny Furdal (3.min), 1-1 Stian Larsen (14.min), 2-1 Roger Røssland (36.min), 3-1 Roger Røssland (38.min), 4-1 Roger Røssland (56.min), 4-2 Robert Alsaker (82.min), 4-3 Stian Larsen (88.min).

Trio:Inge Tungesvik, Ronny Hanre, Jim Are Hansen (Raymond Pedersen), Henrik Røssland, Eirik Musland, Roger Røssland ( Håvard Pedersen), Gaute Skogtun (Kåre Andre Fredlund), Johnny Furdal, Trond Inge Haugland, Rolf Vidar Hansen, Erling Hansen.

***Johnny Furdal

** Roger Røssland

* Erling Hansen

Trio fossar vidare og ingen ting ser ut til å stoppa dei raude og blåkledde denne sesongen. Sjølv om Stord bad heimelaget på skikkeleg kamp, endte det med ein fortent 4-3-siger. Effektiviteten avgjorde igjen kampen til Trio sin fordel. Den store eksponenten for effektiviteten var Roger Røssland. Laurdag spelte han sin A-kamp nummer 250 for Trio. Og for ein jubileumskamp !

Pangstart

Alt etter tre minutt var 30-åringen på farten og bidrog sterkt til at heimelaget fekk ein pangstart. Han fossa ned på venstresida, runda av ein Stord-forsvarar og leverte ballen på sølvfat til ein umarkert Johnny Furdal som sende ballen kontant i mål. Derfrå og inn er det banens beste spelar, Johnny Furdal, som overtek rolla som servitør, medan Roger er eksekutøren.

Eiga hand

Men først gjorde Roger alt på eiga hand. Han kjempa og slåst med tre Stord-forvarar innanfor 16-meteren, vinn ballen og sender heimelaget til 2-1.

– Dette var gode gamle Roger. Det er slik vi vil at han skal opptre, skryt Agust Hauksson.

Berre to minutt seinare er det Johhny Furdal som gjer alt forarbeidet før han spelar Roger fri og det står komfortable 3-1 til pause.

Superpar

Stadionuret har akkurat passert 10 minutt av sluttomgangen då Johnny Furdal igjen er på farten. Med strålande teknikk lurer han av Stord-forsvaret, dreg seg ned til hjørneflagget før han serverer ballen perfekt til Roger Røssland som breidsider inn sitt tredje mål for dagen.

– Kjemien mellom oss er perfekt. Johnny veit kor han finn meg og eg veit at eg får ballen frå han, seier Roger.

Med 4-1 ventar publikum på at det går mot ein ny stor kalassiger for Trio. Men eit teknisk, spelande og aggressivt Stord-lag reduserer to gonger. Dermed vert det neglebiting og stor spenning i sluttminuttane.

Ikkje nervøs

– Eg var ikkje nervøs på 4-2, men då 4-3 kom, kjente eg det, seier Agust Haukson.

Han kan ikkje forklarar kva som skjer då laget hans er nær ein kollaps i sluttminutta. Likevel meiner Haukson at Trio var det klart beste laget i denne kampen og vann fortent.

– Det var berre i nokre få minuttar at vi var truga, seier Trio-trenaren.

Trio tronar no åleine på tabelltoppen. Dei to botnlaga Bremnes, Fitjar og Austevoll står igjen før vårsesongen er slutt.

– Det er kampar som kan bli vanskelege. Men vinn vi dei, er eg villig til å revurdera målsettinga om at vi skal bli blant dei fire beste i pulja, seier Haukson.

Trio vinn pulja

Stord-trenar, Petter Fossmark, er ikkje i tvil kven som vinn denne 3. divisjonspulja.

– Trio kjem til å vinna pulja med klar margin. Laget har alt som skal til for å lukkast med det, meiner Stord-trenaren.

Han konkluderer med at kampen var spelemessig jamn.

– Men det er typisk at lag som er i flyten vinn slike kampar, seier Fossmark.