Søfteland–Halsnøy 5–4 (3–1):
5. div. fotball, menn:

Halsnøy kjempar mot nedrykksspøkelset. Tidlegare Trio-spelar Raymond Pedersen sitt Søfteland vart laurdag for sterke for halsnøybuane.

Allereie etter fem minutt stod det 2–0 til vertane. Halsnøy-mannskapet har nærmast gjort det til vane å gjera det vanskeleg for seg sjølv denne sesongen, og greidde aldri å koma tilbake i oppgjeret.

– Vi ville unngå tap, og vi var nærme. Vi kan berre skulda på vår eigen prestasjon, seier Halsnøy-trenar Kjell Henning Berntsen etter nederlaget.

Kjetil Eide, Marcus Såtendal og Svein Helge Hølland (to) scora Halsnøy sine mål.

Trio og Rosendal

Halsnøy ligg på 10. plass med to lag bak seg på tabellen. Lyngbø 2 står med 19 poeng, og ligg på nedrykksplass tre poeng bak halsnøybuane.

Kjell Henning Berntsen & co kan dermed senda ei helsing til rivalen frå Husnes i kveld. Trio vann nemleg 5–1 over Lyngbø seinare på dagen. No kan Halsnøy sjølv sikra plassen i 5. divisjon i siste seriekampen på heimebane neste helg.

Avdelingsvinnar Trio er enno ubeseira denne sesongen. Rosendal tapte 0–1 på heimebane mot BI Bergen tidlegare, laurdag.

På makalaust vis klarte Stord å berga plassen i 3. divisjon. Laurdag vann dei 5–1 over Haugesund 2, medan Os tapte 0–1 for Brattvåg og rykte ned. Os blei dermed einaste 3. divisjonslag frå Hordaland som måtte ta den tunge vegen ned. Det betyr, ifølgje Hordaland fotballkrets sine sider, at Rosendal held plassen sin i 6. divisjon.

Les også: Rosendal berga truleg plassen, men: – Det er ikkje gøy når slikt skjer