Halsnøy til 1/8-finale

Gutane til Halsnøy har imponert og vunne alle sine kampar så langt. No er dei klare for a-sluttspel. (Foto: Christine Solheim)

Gutane til Halsnøy har imponert og vunne alle sine kampar så langt. No er dei klare for a-sluttspel. (Foto: Christine Solheim)

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

14-åringane til Halsnøy imponerer stort.

I føremiddag tok gutane til Halsnøy seg leikande lett vidare til 1/8-dels-finale i a-sluttspelet. Motstandar Sokendal var ingen målestokk, og Halsnøy vann til slutt solide 6–2. Motstanden blir sjølvsagt tøffare og tøffare no, og neste kamp, som blir spelt 17.30 er mot Tana frå Finmark. Dei tok seg vidare med å vinna 8–2 over Leik.

I tv-sendt kamp fekk Rosendal/Uskedal solid juling av Bergsøy i G 14-klassen. Ved pause stod det 3–0 til Bergsøy, og utover i kampen vart det fleire baklengsmål, og til slutt tap 5–0.

Uskedal sine 13-åringar spelte mot Sotra i b-sluttspelet, dessverre enda det med tap 3–2, og cupeventyret er diverre ute. Rosendal sine femtenåringar er og ferdige i Norway Cup etter tap 0–3 mot Klemetsrud.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags