Kjartan Mehammer held fram som Halsnøy-trenar

Mehammer blir med laget som trenar i 6. divisjon også neste år. (Arkivfoto).

Mehammer blir med laget som trenar i 6. divisjon også neste år. (Arkivfoto).

Det melder klubben i ei pressemelding.

DEL


– Det er ei sann glede å bekrefta at Kjartan Mehammer også i 2020-sesongen vil vera hovudtrenar for Halsnøy IL sitt a-lag, skriv styreleiar i fotballgruppa, Richard Erlandsen, i ei pressemelding.

Vidare skriv klubben at dei ønsker å rykka opp frå 6. divisjon og at laget har nærmare 20 spelarar med seg.

– Med nytt klubbhus (abo) og fasilitetar til å bygga kultur, samhald og lagånd ser vi lyst på framtida til Halsnøy-fotballen, melder Erlandsen.

Mehammer kom inn som ny Halsnøy-trenar i haust og fekk snudd resultata til dei blågule.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags