Utfordrande trenarjakt for Halsnøy

Halsnøy er på trenarjakt etter at Erling Hansen gav seg etter ein sesong som hovudtrenar.

Halsnøy er på trenarjakt etter at Erling Hansen gav seg etter ein sesong som hovudtrenar.

Erling Hansen blir ikkje med vidare som hovudtrenar for dei blågule.

DEL


– Per no har vi ingen trenar. Vi er på utkikk etter ei ny og permanent løysing. Heldigvis har Erling takka ja til å dra det i gang igjen no på nyåret, fram til vi har på plass ny trenar, seier leiar Richard Erlandsen til Kvinnheringen.

Halsnøy hadde store problem med å stilla elleve mann til bortekampane sine i fjor. Ein svak sesong enda til slutt med nedrykk til 6. divisjon.

Erlandsen er likevel optimistisk føre komande sesong.

– Vi køyrer på som vanleg. Vi skal ha nok spelarar til å ha eige lag også i år, seier han.

Han fortel at styret for augneblinken ser seg om og vurderer ulike alternativ som ny hovudtrenar.

– Vi har nokre samtalar gåande, så får vi sjå kva vi endar på.

– Er det vanskeleg å finna ny hovudtrenar til eit seniorlag i 6. divisjon i 2018?

– Det er generelt vanskeleg å få folk til å ta trenarverv. Trenarrolla tar mykje tid og arbeid. Det er ikkje akkurat mange alternativ å velja mellom, forklarar han.

Trio og Halsnøy hadde i fjor eit samarbeid på seniornivå. Erlandsen stadfestar at det blei med den eine sesongen.

– På a-lagsnivå blir det ikkje slik det var i fjor. Men for å gi juniorane eit skikkeleg tilbod, snakkar vi med Trio om korleis vi kan løysa dette.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags