Arrangerer fotballcup for kompis- og bedriftslag

DEL


Til helga arrangerer Martin Myrvold, med god hjelp frå kompisar, «Strando Cupen» på Hatlestrand. Strando Cupen skal vera ein uformell fotballcup for kompis- eller bedriftslag, der det vil bli spelt femmarfotball med kampar på to gonger 13 minutt.

– Kven som helst kan melda seg på, og det er ingen strenge kondisjonskrav, lokkar Myrvold.

Cupen vil gå føre seg på grasbana overfor skulen på Hatlestrand, og det vil vera ein herre- og ein dameklasse. Aldersgrensa for å melda seg på er 15 år. Cupen startar tidleg på laurdag, og sluttspelet skal gå føre seg på søndag.

Les også: Heim med NM-medaljar i bagasjen

Dette er andre gongen Myrvold arrangerer fotballcupen, som vart ein stor suksess i fjor.

– Det var veldig kjekt at såpass mange tok turen både for å spela og for å sjå på. Eg trur det var mellom 70 og 80 tilskodarar under finalen, fortel arrangøren.

Torsdag var det meld på seks lag i herreklassen, og to i dameklassen. Dette er dobbelt så mange påmelde som til same tid i fjor. Dei fleste laga er frå Hatlestrand og Ølve, men det er visst også påmeldt nokre lag utanfrå, mellom anna eitt frå Fusa.

– Så turneringa ligg an til å bli litt større i år, noko som er veldig kjekt då det berre var akkurat at det gjekk opp i dameklassen i fjor. Eg har stor tur på at dette blir ei fin helg!

Påmelding skjer via Facebook-sida til Strando Cupen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags