Banens gigant smiler etter surt tap mot Brann

Dei to kvinnheringane på Nest-Sotra, Johnny Furdal og Rune Mo klarar å få fram eit smil, sjølv om det vart eit surt tap. (Foto: Håvard Røyrvik)

Dei to kvinnheringane på Nest-Sotra, Johnny Furdal og Rune Mo klarar å få fram eit smil, sjølv om det vart eit surt tap. (Foto: Håvard Røyrvik)

Artikkelen er over 2 år gammel

Nest-Sotra var klart best i første omgang mot Brann, men ballen ville ikkje i mål.

DEL

Johnny Furdal var kampens store spelar i første omgang av oppgjeret mot Brann. At det var eliteserie mot andre-divisjon var umogleg å sjå. Nest-Sotra dominerte og hadde sjansane, som Johnny Furdal stort sett skapte. Nærast var dei med eit skot i tverrleggaren.

Kommentantor for NRK, Oddgeir Øystese, var gang på gang innom og gav svært rosande ord om den elegante midtbanespelaren frå Kvinnherad.

Å vera god og dominerande hjelper desverre lite når ein møter eit eliteserielag. Brann heva seg i den andre omgangen, og når forsvaret til Nest-Sotra i tillegg rotar, då får vi sjå divisjonsforskjellen. I løpet av fem minutt i andre omgang surrar heimelaget det til to gonger, og begge gongene er Jacob Orlov frampå.

Dermed var det eit surt tap for Furdal & co. Den andre kvinnheringen på Nest-Sotra, Rune Mo vart sitjande på benken.

Ros

Til Bergens Tidende etter kampen seier Furdal at heimelaget burde hatt minst to mål. Han er nøgd med den første omgangen og meiner dei då spelte slik Nest-Stora skal spela.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags