Johnny Furdal på benken mot Sandnes Ulf

Midtbanespelaren frå Dimmelsvik nærmar seg eliteserie-debut. Onsdag kveld blir han truleg involvert i lokaloppgjeret mot Sandnes Ulf i cupen sin tredje runde. Her frå då Viking sikra opprykket til eliteserien før jul. (Foto: Håvard Røyrvik).

Nærmar seg eliteserie-debuten.

DEL

Johnny Furdal er tilbake på fotballbanen etter skaden han pådrog seg i vinter, skaden som har halde han vekke frå den etterlengta debuten på øvste nivå.

33-åringen stod over førre seriekamp mot Lillestrøm etter å ha fått ei føling i muskulaturen.

Midtbanespelaren er etter det Kvinnheringen kjenner til tilbake i Viking-troppen og på benken til derbyet mot Sandnes Ulf i cupen onsdag. Furdal har vore ute med skade i fire månadar og har ikkje spelt ein obligatorisk kamp sidan 11. november då opprykket blei sikra.

Søndag er han høgst truleg med når Bodø/Glimt kjem til Stavanger i eliteseriens 12. runde.

Siddisane har gjort det bra i eliteserie-comebacket og ligg på ein fin 6. plass med 17 poeng.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags