Burde teke tre poeng

DEL

Rosendal var 26 spelarar på trening sist måndag, og har for tida ein brei stall å velja mellom.

Grasbane mot BI som stilte med 12 mann var eit bra utgangspunkt, men Rosendal sleit før pause.

– Vi køyrte på, men fekk det ikkje heilt til framover, og dei kunne gå til pause med 1–0-leiing, seier trenar Romar Skeie Olsen.

Les også:

– Viktig bortesiger (+)

Trio gav frå seg initiativet igjen (+)

Han er langt meir nøgd med det som skjedde etter kvilen.

– Vi var meir aggressive, og klarte å spela ball og skapte mange sjansar, men sleit med å få utteljing. Ti minutt før slutt får vi det endeleg til, ved Anders Saghaug som prikkar eit innlegg i mål.

– Vi jagar eitt mål til, og har solid press, men det vart 1–1. Kampen vart avslutta med eit tverrleggar-skot av Kenneth Gjuvsland. Som mange gonger før i år føler eg vi ikkje hadde marginane heilt med oss, sluttar Olsen

6. div.:

Rosendal – BI 1–1 (0-1):

24. min.: 0–1

80. min.: 1–1 Anders Saghaug

Slik stilte Rosendal: Frank Mehl, Kjetil Helvik, Thorbjørn Næs, Chriss André Grønstøl, Sander Myklebust, Abdu Idris Yassin, Håvard Røyrvik, Dag Rune Myklebust, Torgeir Bøyum, Kenneth Gjuvsland, Jeppe Søllesvik.

Reservar: Anders Saghaug, Tord Aarseth Guddal, Martin Arnesen, Jarand Naterstad, Emil Bakke Berntsen, Dennis Gamst, Sander Simensen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags