Tok ferie etter tap

George Onasaka (midten i raudt) var Trio sin kaptein mot Frøya laurdag. Han måtte forlata banen etter to gule. Her frå oppgjeret mot Solid i mai.

George Onasaka (midten i raudt) var Trio sin kaptein mot Frøya laurdag. Han måtte forlata banen etter to gule. Her frå oppgjeret mot Solid i mai.

Trio fekk det tøft mot Frøya laurdag.

DEL


Heimelaget gjekk ut i eit forrykande tempo på kunstgraset på Laksevåg laurdag ettermiddag.

To kontringar sørga for at Trio låg under 0–2 etter halvtimen.

Allkan Abdulla si redusering like etterpå gav håp, men det ville seg ikkje for Trio-herrane som tapte 1–2.

– Dei er ganske mykje betre enn oss dei første 25 minuttane. Så tar vi over. Vi er eigentleg ganske fornøgde med prestasjonen, fortel Trio-trenar Aleksander Blokhus Ekeland til Kvinnheringen.

Han måtte klara seg utan fleire av sine viktigaste spelarar. Espen Tufta Saghaug og Kjetil Eide var heime grunna skade og sjukdom, medan kaptein Eivind Tufta Saghaug var suspendert. George Onasaka fekk kapteinsbindet for dagen.

Onasaka fekk marsjordre av dommaren i det 85. minutt etter sitt andre gule kort for dagen. Det første av den billige sorten, det andre korrekt, ifølgje Trio-trenaren.

– Vi spelar ein av vårens beste kampar, men det ville seg ikkje. Frøya er eit veldig bra lag, fortel Ekeland, som no gir laget ferie i tre veker.

Sjå tabell og terminliste her!

Frøya–Trio 2–1 (2–1)


4. divisjon, menn:

1–0: 26. min., Frøya

2–0: 34. min., Frøya

2–1: 37. min., Allkan Abdulla

Slik stilte Trio (4-3-3):

Vebjørn Røssland – Andreas Vågen Røyrvik, Henrik Lægreid Røssland, Lars Bernhard Heggøy, Marius Myklebust

– Mats Åsheim Mo, George Onasaka (K), Andreas Thorkildsen

– Nikolai Bendiksen Mayer, Martin Lygre, Allkan Abdulla.


Innbytarar:

Henning Haugland Solheim

Simen Røssland

Warhel Samir Suleman

Ruben Saug

Åsmund Eikeland Voster

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags