Lars Johan Myklebust til Viking

Lars Johan Myklebust flyttar heim  til Norge etter halvtanna år i Midtausten. No skal han jobba med talentutvikling i Rogaland. (Arkivfoto).

Lars Johan Myklebust flyttar heim til Norge etter halvtanna år i Midtausten. No skal han jobba med talentutvikling i Rogaland. (Arkivfoto).

Myklebust får same arbeidsgjevar som Johnny Furdal.

DEL


Uskedelingen begynte i jobb for Stavanger-klubben måndag. 38-åringen skal no jobba med barnefotballen i Rogaland.

– Det er eit samarbeidsprosjekt mellom klubbane for å planlegga og utvikla fotballen i regionen. Det handlar om å nå ut å inspirera og hjelpa spelarar og trenarar i klubbane rundt oss, seier han til Kvinnheringen.

Myklebust flyttar frå Dubai til den norske oljehovudstaden. I Midtausten har han i ein periode jobba med utvikling av ulike sportsakademi.

Han har vore innom klubbar som Rosendal, Norheimsund, Brann og Trio. I 2013 tok han over som hovudtrenar for Trio etter å ha spelt to sesongar for klubben. Men etter ein halv sesong, forlét han raudtrøyene då eit lukrativt tilbod frå Belgia dukka opp.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags