Roger Ekeland (24) signerte for Os

Roger Ekeland skal spela i gult. Her saman med sin nye hovudtrenar, Endre Brenne. (Foto: Os Fotball).

Roger Ekeland skal spela i gult. Her saman med sin nye hovudtrenar, Endre Brenne. (Foto: Os Fotball).

Sandvoll-guten er klar for Rune Åsheim Mo sin klubb.

DEL

Dei to tidlegare Trio-spelarane blir lagkameratar igjen. Os melder måndag på sine heimesider at Roger Ekeland har signert ein toårsavtale med klubben.

– Eg kjem hit grunna klubben sine ambisjonar. Eg kan tilføra klubben fysikk og mål, seier den hurtige angriparen til nettstaden.

Den tidlegare Trio-, Stord- og Sandnes Ulf-spelaren har vore på klubbjakt sidan det etter fjorårssesongen blei klart at han ikkje fekk fornya kontrakten med Sandnes Ulf.

24-åringen har i vinter vore på trening hos bergensklubbar som Nest-Sotra og Åsane for å visa seg fram.

Rune Åsheim Mo signerte for Os tidleg i januar i år. Han blir spelande assistent-trenar for 3. divisjonsklubben. Sunde-guten har truleg hatt ein finger med i spelet for å få barndomskompisen til Os.

– Eg er glad vi har klart å landa ein så god spelar. Han kjem frå profesjonell fotball i Sandnes Ulf og vil med sin erfaring og kvalitet vera med å løfta resten av gruppa. Denne signeringa gjer at vi får fleire strengar å spela på, og at vi ser veldig spennande ut offensivt, uttalar hovudtrenar Endre Brenne.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags