Slik gjekk det i lokalfotballen

(Illustrasjonsfoto: Colourbox).

(Illustrasjonsfoto: Colourbox).

DEL


Scora sine første

Dei to tidlegare Trio-gutane Roger Blokhus Ekeland og Rune Åsheim Mo var måndag i storslag då Os vann 5–1 borte mot Bergen Nord.

Førstnemnde scora to mål då gultrøyene tok årets første trepoengar i 3. divisjon. Spelande assistenttrenar Rune Å. Mo scora eitt.

Begge kvinnheringane er ferske i klubben denne sesongen.

Laget tapte 0–1 mot Stord i serieopninga.


Eitt poeng heime

Trio stiller som kjent i år med eige kvinnelag i 5. divisjon. Måndag ettermiddag tok laget årets første poeng i årets første heimekamp. Aria Sirén Haugsdal scora vertane sitt mål i 1–1-oppgjeret mot Loddefjord 2.

Laget tapte i serieopninga mot Skjergard/Nordre Fjell.


Knallstart

Trenar Endre Eide frå Husnes og Djerv 1919 har fått ein strålande start på sesongen i 3. divisjon etter opprykket. Etter dei to første kampane står laget med seks poeng.

Det etter kampar mot bergenslaga Fyllingsdalen og Lysekloster, to i utgangspunktet solide lag. Måndag vann dei 2–1 over Lysekloster borte.

Sol, sommar og golfturnering

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags