Var med på ellevill rekord

Kjetil Berge frå Valen spelte søndag framfor over 10.000 tilskodarar på ein kamp i norsk 2. divisjon(!). Foto: Joakim Bekkåsen / Moss Avis.

Kjetil Berge frå Valen spelte søndag framfor over 10.000 tilskodarar på ein kamp i norsk 2. divisjon(!). Foto: Joakim Bekkåsen / Moss Avis.

DEL

Kjetil Berge, opphavleg frå Valen, var søndag i aksjon for Moss i PostNord-ligaen (nivå 3) i lokalderbyet mot Fredrikstad. Dei to tradisjonsrike klubbane barka saman på Fredrikstad Stadion framfor 10.413 tilskodarar.

Det er ny rekord for 2. divisjon i Norge. Den tidligere rekorden var på 7.013 tilskodarar, frå då Fredrikstad spelte mot Kvik Halden på gamle Fredrikstad stadion i 2002.

Søndagens kamp endte 3–0 til Fredrikstad.

Kjetil Berge, som spelte i Trio fram til han var 16 år, er òg dagleg leiar i Moss. Han har tidlegare spelt for Sarpsborg 08.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags