Fekk det tøft mot Os/Nore Neset

Rosendal/Trio fekk ikkje den oppturen dei hadde håpa på etter sommarpausen.

DEL


Os/Nore Neset blei for sterke og vann 5–0 då dei gjesta Rosendal stadion søndag.

– Vi møter eit betre lag. Dei er gode med ball og spelar altfor enkelt gjennom oss, seier trenar Tor Gundersen til Kvinnheringen.

Gjestene tok med seg ei 1–0-leiing til pause. Etterpå måtte Gundersen sjå fire avslutningar gå i vertane sitt mål. Dermed blei det ein blytung start på haustsesongen.

Les også:

Burde teke tre poeng

– Viktig bortesiger (+)

Trio gav frå seg initiativet igjen (+)

Rosendal/Trio ligg nest sist på tabellen med sine tre poeng etter ni kampar.

– Korleis skal de redda haustsesongen?

– Vi slit med å få med folk, men det står ikkje på innsatsen til dei som allereie er her. Eg håpar vi klarer å mobilsera. Det må vi, seier Gundersen.

KAMPFAKTA

4. div., kvinner:

Rosendal/Trio–Os/Nore Neset 0–5 (0–1)

16. min.: 0–1

54. min.: 0–2

66. min.: 0–3

67. min.: 0–4

79. min.: 0–5

Slik stilte Rosendal/Trio (4-4-1-1):

May Beate Brakstad – Anita Simensen, Trude Havnerås, Amalie H. Rød, Lise Sætrevik – Thea Taranger, Guro Leganger, Kari Bråtun, Hanna Tvilde – Silje Soldal – Andrea Albrethson.

Innbytarar: Ina T. Sandvik, Thea Aronsen, Lene Furdal, Tina Skår, Sunniva Solfjell.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags