– Innsatsen var upåklageleg

Kvinnheringane starta sesongen med ein komfortabel siger på heimebane onsdag. Her er Trio-spiss Martin Veastad omringa av NHH-spelarar.

Kvinnheringane starta sesongen med ein komfortabel siger på heimebane onsdag. Her er Trio-spiss Martin Veastad omringa av NHH-spelarar.

Raudtrøyene opna sesongen i 4. divisjon med 3–1 over Norges handelshøyskole på Kvednabekkjen onsdag kveld.

DEL


Trio-kaptein Eivind Tufta Saghaug gav vertane leiinga med ein lekker lobb over keeper 39 minutt ut i kampen. Etter pause utlikna NHH-studentane til 1–1.

Men Trio viste at dei meiner alvor i 4. divisjon også i år. Først trudde Martin Veastad at han hadde gitt heimelaget leiinga igjen, då han frå kort hald sende ballen i nettmaskene. Men lagkamerat Åsmund Voster blei vinka av for offside.

Det gjorde ingenting.

For etter rundt 70 minutt var innbytar Nikolai Bendiksen Mayer frampå og sette inn 2–1 etter fint forarbeid av Andreas Thorkildsen. Sistnemnde fekk æra av å setta punktum for dagen då han kom åleine med keeper og trilla ballen enkelt ned i hjørna.

– Eg synest innsatsen var upåklageleg. Vi gjer mykje av det vi skal i dag, seier Trio-trenar Aleksander Blokhus Ekeland til Kvinnheringen, og held fram:

– Utanom ein lite periode i 2. omgang, så slepp vi dei veldig lite til. Vi gjer det vi er einige om og er tøffe i duellane, skryt Trio-trenaren etter 3–1-sigeren på kunstgraset.

Neste Trio-kamp er borte mot Sandviken 28. april.

Kampfakta

4. div. fotball, menn:

Trio–NHH 3–1 (1–0)

1–0: 39. min., Eivind T. Saghaug

1–1: 55. min., NHH

2–1: 70. min., Nikolai B. Mayer

3–1: 80. min., Andreas Thorkildsen

Slik stilte Trio (4-4-1-1):

Vebjørn Røssland – Vebjørn Holmedal, Espen Tufta Saghaug, Åsmund Eikeland Voster, Erik Voster Solberg – George Onasaka, Kjetil Eide, Eivind Tufta Saghaug (K), Martin Lygre – Andreas Thorkildsen – Martin Veastad.

Innbytarar: Eirik Werner Eikeland, Oliver Lygresten, Mads Prestnes Jørgensen (debut), Marcus Hylland Såtendal (debut), Ruben Saug, Marius Myklebust, Nikolai Bendiksen Mayer.

Trio-trenar Aleksander Blokhus Ekeland var fornøgd etter kampen.

Trio-trenar Aleksander Blokhus Ekeland var fornøgd etter kampen.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags