Kan bli best i Hordaland

Trio har to kampar att før sesongen er heilt ferdig.

DEL

Raudtrøyene tok sin 18. siger for sesongen då Tornado Bergen kom på besøk til siste seriekamp søndag.

No skal sigersmaskineriet spela om å bli beste lag i 5. divisjon i Hordaland.

Aleksander Blokhus Ekeland & co vart suverene vinnarar av sin avdeling med 57 poeng på 22 kampar, og skal dermed møta Bergen Nord og Frøya, som er dei to andre avdelingsvinnarane frå hordalandsfotballen på same nivå.

Trio sine to kampar vert i utgangspunktet spelt 11. og 18. november.

Bergen Nord møter Frøya allereie torsdag. Dersom Frøya tapar, skal Trio spela første kamp borte.

Dermed kan ein allereie imponerande sesong bli krona med ein ny tittel.

– Følar de sesongen er ferdig, eller er dette kampar du og spelarane ser fram til?

– Vi har lyst å vinna alle kampar vi stiller opp i. Vi har trappa ned treninga, men det vil nok berre gi oss ekstra energi til desse kampane. Vi vil vinna denne tittelen, seier Trio-trenar Aleksander Blokhus Ekeland, til Kvinnheringen.

Les også: Stoppa på 99 mål

Artikkeltags