Nytt Trio-tap

Trio fekk det tøft mot Bremnes fredag kveld. (Mobilfoto: Jim Are Hansen).

Trio fekk det tøft mot Bremnes fredag kveld. (Mobilfoto: Jim Are Hansen).

Raudtrøyene gjekk på ein smell borte mot Bremnes fredag.

DEL

Trio starta sesongen i 4. divisjon med 3–0-siger over Norges Handelshøyskole, men etter serieopninga på heimebane har det gått trått.

1–1 borte mot Sandviken, 2–3-tap heime mot Lyngbø og nytt tap i borteoppgjeret på Bømlo fredag kveld.

Vertane tok leiinga i det 38. minutt, og like før domaren blåste for pause, dobla dei leiinga. Dermed hadde Trio-trenar Aleksander Blokhus Ekeland og mannskapet ei vanskeleg oppgåve føre seg i 2. omgang.

Og tøft blei det.

Bremnes sette inn det tredje for dagen etter timen spelt, og like før full tid fastsette gultrøyene resultatet til 4–0.

4. div. fotball, menn:
Bremnes–Trio 4–0 (2–0)

Slik stilte Trio:

Eirik Werner Eikeland, Henrik Lægreid Røssland, Espen Tufta Saghaug, Ruben Saug, Martin Lygre, Eivind Tufta Saghaug, Erik Voster Solberg, Vebjørn Holmedal, Andreas Thorkildsen, Martin Veastad, Nikolai Bendiksen Mayer.

Innbytarar: Vebjørn Røssland, Henning Haugland Solheim, Alkan Abdulla, Mads Prestnes Jørgensen, Mats Åsheim Mo, Marius Myklebust, Sondre Stensletten Myklebust.

Sjå tabell og terminliste her.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags